Hopp til innhold
X
Innhald

Dei første bruene

Brua som dei tyske okkupasjonsstyrkane bygde over Hæreidselvi på Årdalstangen i 1942 var framleis i bruk i 1953. Biletet er teke når arbeidarane er på veg heim frå jobben. Karen på motorsykkel er Fredrik Bergerud. Den store bygningen til høgre er brannstasjonen som tyskarane bygde under krigen. I bakgrunnen ser vi gamle Klingenberg Hotel framfor verksporten. Foto: Verksposten. Eigar: Årdal Sogelag.

Bru over Hæreidselvi

I 1905 vart det bygd hengebru over Hæreidselvi på Årdalstangen.

Hengjebru over Utla

I 1913 bygde A/S Tyinfaldene den første hengjebrua over Utla i Øvre Årdal. Den avløyste ei primitiv taubane der folk drog seg over med hendene.

Ve bru i Øvre Årdal vart bygd i 1937. I dag blir brua brukt av gåande og syklande. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Ve bru i Øvre Årdal vart bygd i 1937. I dag blir brua brukt av gåande og syklande. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Ve bru og Farnes bru

I 1937 vart Ve bru i Øvre Årdal bygd som sysselsettingsprosjekt. Stålbrua var den første skikkelege køyrebrua over storelva i Øvre Årdal. Brua var smal og representerte ein kork i trafikksystemet inntil ny bru vart bygd i 1962. Denne vart kalla Farnes Bru.

Farnes bru i Øvre Årdal sett frå Ve bru. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Farnes bru i Øvre Årdal sett frå Ve bru. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 13.04.2011