Hopp til innhold
X
Innhald

Dei første skulane i Årdal

Den første skuleordninga for Årdal vart organsiert i 1741. Det skjedde på eit møte som sokneprest Jonas Leyerdal skipa til på Solvorn for «Lærdals Præstegjeld», som Årdal då høyrde under. Årdal vart då delt inn i to skulekrinsar - ein for bygder ved Årdalsfjorden og ein for øvre ovanfor Årdalsvatnet. Jens Bache vart første lærar, og hadde plikt til å gjennomføre åtte vekers skule i fjordbygdene og 16 veker i bygdene ovanfor vatnet.

Årdal vart skild frå Lærdal som eigen kommune i 1860, men først ved deling av prestegjeldet i 1863 vart Årdal sjølvstendig skulekommune. Kommunen hadde to lærarar på fastskule og to omgangsskulelærarar. I dei komande åra vart omgangsskulen gradvis avløyst av fastskule i bygdene.

I tillegg til hovudbygdene Tangen og Farnes, vart det etter kvart eigne skulekrinsar i grendene Ofredal, Naddvik, Ve, Utladal, Vetti, Eldegard, Bergmål, Avdal, Seimsdal, Nundal og Fardal.

Første skulehuset vart bygd på Tangen i 1868. Farnes fekk skulehus i 1876, Vikadal 1878, Seimsdal 1883 og Ofredal 1903.

Les meir om skulane i Årdal

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 06.05.2008