Hopp til innhold
X
Innhald

Draumen om industribyen

I 1907 skreiv mange årdøler under på ei støttefråsegn til planane om kraftutbygging: ”Undertegnede Indvånere i Aardal anser det i mange Måder at være til stor Fordel og Opkomst for Bygden om den påtænkte Udbygning af Tyinelvens Fossfald og Fabrikanlæg nede ved Søen kunde komme i stand. Vi vil derfor på det bedste anbefale det af Elvens Eiere, DHr. Ingeniør Bruun og Overretssagfører Spangelo indsendte Konsesjons- Andragende. Aardal den 16de juni 1907”. Faksimile frå Bygdebok for Årdal.

I motsetnad til det som hende i Høyanger nokre år seinare (sjå Norsk Aluminium CO - NACO - Høyanger kommune), var det få årdøler som hadde innvendingar mot at det fredelege bondesamfunnet no kunne bli endevendt av kraftregulering og storindustri. Då kommunestyret i 1907 handsama konsesjonssøknaden, låg det føre ei støttefråsegn til utbygginga frå 323 personar. På den tida budde det 1400 personar i Årdal.

Kommunestyret stilte krav om ein kontantsum på 100.000 kroner og gratis kraft og godkjende søknaden. Sjølv om industriplanane på det tidspunktet var svært luftige, såg årdølene føre seg ein ny industriby ta form på Farnesflatene der Årdal Koparverk 200 år tidlegare hadde spela falitt: I 1914 skreiv ordføraren oppglødd til amtmannen at han venta seg 2500-3000 tilsette ved Tyin-anlegga, og 4000-5000 innbyggjarar i kommunen når fabrikkane kom i drift!

Les også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 15.04.2011