Hopp til innhold
X
Innhald

Driftekarane frå Årdal

Tyinosen med det store vatnet Tyin i bakgrunnen. Her gjekk fédriftene mellom Årdal og Valdres. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Tyinosen med det store vatnet Tyin i bakgrunnen. Her gjekk fédriftene mellom Årdal og Valdres. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Nokre av dei mest kjende driftekarane frå Indre Sogn kom frå Årdal. Driftekarane reiste rundt og handla fe på etterjulsvinteren og våren.

Vettiskarane og Vilken Hæreid drog heilt til Møre for å handle hestar og bufe som dei frakta til Geiranger. Derifrå dreiv dei feet over fjella til Sogn og store hamner kring Tyin.

Den største hamnen låg ved Breikvam, der det kunne samlast opptil 400 storfe og 50 hestar. Breikvam var utlagd som statsalmenning. Her oppe bygde Sjur Årebru og Vilken Hæreid ei romsleg steinhytte for losji. Dersom feet kom med båt inn fjorden til Årdalstangen, vart det frakta med robåt over Årdalsvatnet til Farnes, og drive derfrå opp fjellet til Tyin. På seinsommaren starta drifta nedover Valdres mot Austlandet, ofte til Gjøvik og Toten. Ei fedrift frå Tyin til Gjøvik kunne ta 10-12 dagar.

Driftehandelen tok stort sett slutt då nedgangstidene sette inn etter 1. verdskrig. Då miste mange kjende driftekarar i Årdal det meste av formuane sine. Men lokalhistorikaren Arne Konrad Eldegard kan hugse at ei av dei siste fedriftene drog opp Modalen og austover kring 1930.

I Naddvik er det ein føringsbåt av den typen som vart brukt til å frakte fe på fjorden. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

I Naddvik er det ein føringsbåt av den typen som vart brukt til å frakte fe på fjorden. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 14.04.2011