Hopp til innhold
X
Innhald

Driftevegar og saltvegar

Frå Grønaskaret er det utsyn over vatnet Torolmen med Sletterust i den bortre enden og Moadalen nedover mot Øvre Årdal. Her gjekk ein av saltvegane for folk frå Valdres. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Frå gamalt av var det ferdsle- og driftevegar over fjella både mot nord og aust: Fehandlarar i Årdal kjøpte m.a. fe på Møre som vart drive over fjella frå Geiranger til Øvre Årdal.

Kom feet frå Sogn, vart det oftast drive over fjellet frå Kroken i Luster til Fardalen i Øvre Årdal. Derfrå vart feet drive opp Moadalen til Breikvam ved Tyin og nedover Valdres til Gjøvik og Toten.

Fram til Lærdalsmarknaden avløyste Lusakaupangen (Kaupanger) som handelsplass på 1500-talet, gjekk det «saltvegar» over fjella mellom Lærdal og Årdal, frå Filefjell gjennom Valdresdalen til Fodnes. Framleis syner fara etter desse vegane, som valdrisane nytta når dei drog vestover for m.a. å handle salt og sild. Valdrisane nytta også «saltvegar» frå Sletterust til Øvre Årdal. Sambandet over fjellet gjorde at fleire valdrisar rydda seg gard i Årdal og Naddvik.

Etter at Kongevegen vart bygd gjennom Lærdal og Filefjell på slutten av 1700-talet (sjå Samferdsle i Lærdal), hadde bøndene i Årdal plikt på seg til å halde ved like visse roder - vegstrekningar - på Kongevegen.

Utsyn over Tyin med Tyinosen nærmast. Neset midt på biletet er Breikvamsodden. På Breikvam til venstre for odden var det oppsamlingsplass for fédriftene. I bakgrunnen ser vi ein del av Jotunheimen med Knutsholstind (2341 m.o.h.) som det høgste punktet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Les meir om: Samferdsle i Årdal

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 13.04.2011