Hopp til innhold
X
Innhald

Ekspressbåtruta på Sogn

MS ”Fjordprins” var den første båten i ekspressruta mellom Bergen og Årdalstangen i 1971. I 1996 vart endestoggen for ruta flytta til Sogndal. Foto: Harry Runderheim.  Eigar: Fjord1 Fylkesbaatane.

MS ”Fjordprins” var den første båten i ekspressruta mellom Bergen og Årdalstangen i 1971. I 1996 vart endestoggen for ruta flytta til Sogndal. Foto: Harry Runderheim. Eigar: Fjord1 Fylkesbaatane.

I 1971 starta Fylkesbaatane som eitt av dei første trafikkselskapa i landet med hurtiggåande ekspressbåtruter.

Først ut var «Sogneruta» med endestopp på Årdalstangen, og noko seinare same året kom «Nordfjordruta» i gang til Nordfjordeid. Den første ekspressbåten som vart sett inn på denne dagleger ruta, var «Fjordprins».

Båten var bygd på eit kanonbåtskrog og kunne kome opp i ein toppfart på 32 knop. «Fjordprins» hadde plass til 173 passasjerar og var såleis noko større enn verdas første katamaranbygde passasjerbåt, «Fjordglytt», som vart sett inn på ruta Bergen-Nordfjordeid noko seinare same året.

Men pionéren «Fjordprins» hadde stadige problem med maskinane og vart i 1972 avløst av katamaranen «Fjordtroll» på Sogneruta.

Årdalstangen miste ekspressbåtruta i 1996, då dei nye ferje- og tunnelsambanda over Fodnes-Mannheller-Sogndal vart opna. Då vart Sogndal endestoppestad.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 14.04.2011