Hopp til innhold
X
Innhald

Engelskmenn på reinsjakt

Sjur Eldegard dreiv høgdegarden Eldegard mellom Øvre Årdal og Årdalstangen. Han livnærde seg mellom anna som jeger og som jaktguide for engelskmenn. Garden ligg over Eldegardsfossen midt på biletet, som er teke i 1947. Foto: Aase Udberg.  Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

På slutten av 1800-talet tok velståande engelskmenn til å interessere seg for jakt i Noreg. Dei leigde jaktrettar m.a. i Aurland, Lærdal og Årdal.

Profesjonell jaktguide

Sjur Ingebrigtson Eldegard (fødd 1834) var ein kjend reinjeger som skaut kring 500 rein i si levetid. Sjur vart den første profesjonelle jaktguide i Årdal: Han leigde frå 1864 til 1902 store fjellvidder frå Fossdalen til fremst i Utladalen som han leigde vidare ut til engelske jegerar. Både han sjølv, sønene og andre bygdefolk var med som løna jaktguidar og hjelparar.

Engelskbui

På Sletterust står enno jaktbua «Engelskbui» som minne frå denne tida. Lord Sherbroke tykte bua var vel trangbudd, og slo opp ekstra telt for å få standmessig plass til seg og sitt. Her heldt lorden seg både med eigen kokk og fleire tenarar.

Les også om tamreindrifta i Årdal.

Villreinen har i mange hundreår gitt årdølene mat på bordet. Framleis finst det ein del rein i fjellet. Dette biletet er teke på Bjørnaholten nord for Seimsåsen. Foto: Ivar Hove.

Villreinen har i mange hundreår gitt årdølene mat på bordet. Framleis finst det ein del rein i fjellet. Dette biletet er teke på Bjørnaholten nord for Seimsåsen. Foto: Ivar Hove.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 14.04.2011