Hopp til innhold
X
Innhald

Fabrikkar, verkstader og entreprenørar i Årdal

Aluminiumproduksjon har sidan 1947 vore hjørnesteinen i næringslivet i Årdal, som har vore mellom dei mest einsidige industristadene i landet. Men dei siste åra er det bygt opp industri som ikkje er avhengig av leveranse til Hydro. Dette biletet er teke sommaren 2007. Etter det er Å3, produksjonshallane lengst unna, stengde ned og rivne. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Eit skåp laga i møbelfabrikken til Søverin Hestetun. Ukjend fotograf.

Eit skåp laga i møbelfabrikken til Søverin Hestetun. Ukjend fotograf.

Verksemdene er hovudsakleg ordna etter startår:

Årdal Koparverk

År 1700 kom to årdalsbønder på reinsjakt over ei koparåre i det 1500 meter høge Grøndalsfjellet nord for Øvre Årdal. Dette skulle bli starten på ei stor bergverksdrift som varte i 62 år.

Steinindustrien i Ytre Ofredal

Kristian Offerdal fødd 1873 frå Feios kom til Årdal i 1909 og starta landhandel i Øvre. I 1911 startar han steinbrot og steinhoggeri på granittførekomstane i Ytre Ofredal.

Hestetun Snekkarverkstad

vart skipa ca. 1930 av Søverin Hestetun, som på det meste hadde kring fem mann i arbeid i møbelfabrikken. I 1950 overtok sonen Håkon, og verksemda vart driven til 2000 av sonen hans; Svein Erik.

S. Dahl Berge med bilverkstad og bensinstasjon i 2008. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

S. Dahl Berge med bilverkstad og bensinstasjon i 2008. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Årdal Bilverksted A/S

på Årdalstangen vart skipa i 1945 av Sigurd Dahl Berge.

S. Dahl Berge AS

- sjå Årdal Bilverksted A/S.

Øvre Årdal i 1947, etter at Stortinget hadde gitt klarsignal til å byggje vidare på det aluminiumverket tyskarane hadde starta bygginga av under krigen. Foto: Willy Lund Johansen. Eigar: Årdal Sogelag.

Årdal Verk A/S

vart skipa den 27. juni 1946. Les meir underr Historie - artikkelen Årdal Verk vart skipa. Nokre år seinare, då Sunndal Verk starta, vart firmaet heitande Årdal og Sunndal Verk AS. ÅSV vart fusjonert med Norsk Hydro i 1986. Les meir i artikkelen om Hydro.

Indre Sogn Cementfabrikk

på Årdalstangen vart starta i 1947 av Sjur og Sigmund Lægreid og Sigurd Asperheim. Fabrikken laga sementstein og -røyr, og dreiv i om lag 10 år med fem tilsette.

Årdal og Sunndal Verk (ÅSV)

vart skipa i 1951. Fusjonert med Hydro i 1986.

Olav O. Hæreid & Sønn AS

maskinentreprenør vart skipa av Olav Hæreid i 1952. Verksemda har åtte mann i arbeid.

Kleiven Sogn AS

Entreprenøren Endre Kleiven frå Bygstad, med base i Førde, etablerte seg i Årdal i 1956.

IMPEC AS, tidlegare Årdal Stålindustri. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

IMPEC AS, tidlegare Årdal Stålindustri. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Årdal Stålindustri AS

vart starta i 1974 i Øvre Årdal av Kristian Øvstetun m.fl.

IMPEC AS

- sjå Årdal Stålindustri AS.

Alfred Andersen

med hovudkontor i Larvik bygde ei sveiseverksemd på Årdalstangen i 1974.

Årdal Prosjektutvikling

vart skipa som næringsutviklingsselskap i 1985. Selskapet er organisert som stifting, med kommunen, verket, lokale bankar og næringssamskipnaden som interessentar.

Årdal Metallverk i 2009. Her er dei eldste hallane - Å3 - jamna med jorda og erstatta med ei stor asfaltert flate. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Årdal Metallverk i 2009. Her er dei eldste hallane - Å3 - jamna med jorda og erstatta med ei stor asfaltert flate. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Hydro

I Årdal har Norsk Hydro spela ein rolle « både på godt og vondt » heilt sidan tidleg på 1900-talet, og dominerer industrien i Sogn med aluminiumverka sine i Årdal og Høyanger.

Hydro Aluminium AS, Årdal Metallverk - AAM

– sjå Hydro.

Årdal Carbon – AAK

– sjå Hydro.

Hydro sitt fabrikkanlegg på Årdalstangen, med m.a. Årdal Carbon. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Hydro sitt fabrikkanlegg på Årdalstangen, med m.a. Årdal Carbon. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Teknologisenter Årdal - ATA

– sjå Hydro.

Hydro Energi Tyin Kraftverk

– sjå Hydro.

HPP Vest

– sjå Hydro.

Bilfinger Berger

– sjå Hydro.

BIS Production Partner Holding

– sjå Hydro.

Ein oksidbil på veg frå Øvre Årdal mot Årdalstangen. Ei tid var transporten til Hydro i Årdal organisert i Hydro Produksjonspartner, seinare overtok Bilfinger Berger. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Ein oksidbil på veg frå Øvre Årdal mot Årdalstangen. Ei tid var transporten til Hydro i Årdal organisert i Hydro Produksjonspartner, seinare overtok Bilfinger Berger. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Årdal Plast AS

i Utladalen vart starta i 1987 av Bjarne Rasmussen.

Aardal as

- sjå Årdal Plast AS.

HMR Hydeq

er ein fabrikk som vart starta i Øvre Årdal i 1988 og heitte opphaveleg Hydeq AS.

Sunde Gjenvinning AS

vart starta i 1990 i Øvre Årdal av Jens Vidar Sunde.

Sunde Resirk AS

- sjå Sunde Gjenvinning AS.

HMR Årdal

er ei dotterbedrift av HMR Group på Husnes, og driv med reparasjon og vedlikehald av straumførande detaljar til norske aluminiumsverk.

Årdal Mekaniske

- sjå HMR Årdal.

Termocap AS

på Årdalstangen vart skipa i 1996.

Teigen Industriteknikk AS

i Øvre Årdal vart skipa i 2001 av Roy Kenneth Teigen med fleire.

Utla Kjeldevatn AS

vart skipa i Øvre Årdal i 2001.

Indre SognBil AS

bilforretning og verkstad i Øvre Årdal var starta i 2001 av Alf Roger Voll Lereng.

ScanWafer

fekk i 2005 støtte både frå Staten og Hydro til å starte ein ny fabrikk med 250 arbeidsplassar på Årdalstangen, men valde å ikkje realisere planane sine.

Dørfabrikken Dooria i Bukkhaugdalen på Årdalstangen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Dørfabrikken Dooria i Bukkhaugdalen på Årdalstangen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Dooria Årdal AS

vart skipa i 2006 som eit dotterselskap av Dooria-konsernet som då hadde hovudsete i Utvik. Men dørfabrikken i Årdal fekk kort levetid og vart lagd ned i 2011. – Les meir i Dørfabrikanten Dooria AS under Stryn kommune.

NorSun AS

starta i 2008 fabrikk på Årdalstangen for produksjon av komponentar til solcellepanel.

Fras Technology

starta avdeling i Øvre Årdal i 2009.

Les meir om:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 03.09.2013