Hopp til innhold
X
Innhald

Farnes Skyttarlag

Bjørn Solberg representerte Farnes Skyttarlag då han vart skyttarkonge i 1978.

Bjørn Solberg representerte Farnes Skyttarlag då han vart skyttarkonge i 1978.

Farnes Skyttarlag vart skipa i 1887. Laget har skytebane på Mjøen ved Øvre Årdal. Der er det baner på 200 og 100 meter, og lagshuset Skyttarhuset.

Den tredoble skyttarkongen Bjørn Solberg (1945-2010) var medlem av Farnes Skyttarlag i 11 år. Han representerte laget då han vart skyttarkonge for første gong i 1978. Då han vart skyttarkonge i 1983 og 1984, representerte han Nordre Land.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 13.10.2010