Hopp til innhold
X
Innhald

Farnes Ungdomslag

Ungdomshuset i Øvre Årdal. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Ungdomshuset i Øvre Årdal. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Farnes Ungdomslag i Øvre Årdal var skipa i 1890-1891 og innmeldt i Noregs Ungdomslag nokre år seinare, i 1896. Laget fekk eige ungdomshus i 1919, og har vore eit svært aktivt lag som m.a. sette opp revyar og skodespel.

Farnes Mannskor vart skipa i 1934 som avdeling av Farnes Ungdomslag. Mannskoret sette i mange år opp populære revyar.

Også Farnes Musikklag i Øvre Årdal vart skipa i 1947 etter initiativ frå Farnes Ungdomslag.

I dag heiter korpset Øvre Årdal Janitsjarkorps, og høyrer under fagforeningane.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 02.02.2010