Hopp til innhold
X
Innhald

Ferdsla på fjorden og vatnet

Dampskipsekspedisjonen på Årdalstangen i den tida båtrutene var det einaste sambandet med omverda det meste av året. © Årdal  Sogelag.

Dampskipsekspedisjonen på Årdalstangen i den tida båtrutene var det einaste sambandet med omverda det meste av året. © Årdal Sogelag.

Fylkets einaste kanalplan

Både på 1700-talet og på 1860-talet var det planar om å byggje ein kanal i Hæreidselvi frå fjorden og opp til Årdalsvatnet.

Tidleg båtruter på Årdalsvatnet

Frå 1877 vart det organisert fast skyssing av turistar over Årdalsvatnet.

A/S Årdal Dampskipsselskap

- sjå Tidleg båtruter på Årdalsvatnet.

Kaia på Årdalstangen i 1959, før dei gamle kaibygningane til venstre vart rivne. Det er MS “Balholm” som ligg ved kai. I bakgrunnen ser vi Dahls hotell.  Foto: Aage W. Owe/Verksposten. Eigar: Årdal Sogelag.

Fylkesbåtrutene på Årdal

Årdalstangen fekk dampskipssamband i 1869, 11 år etter at Fylkesbaatane starta rutene sine.

Skysstrafikk

Olav Lægreid (1878-1966) kjøpte motorbåt i 1912, og var ein av dei første som dreiv skysstrafikk mellom dei veglause grendene langs Årdalsfjorden.

MK ”Rask” var ein av båtane Anfinn Hovland brukte til skuleskyss og arbeidsrute på Årdalsfjorden. Foto utlånt av Kjell Ottar Hovland.

MK ”Rask” var ein av båtane Anfinn Hovland brukte til skuleskyss og arbeidsrute på Årdalsfjorden. Foto utlånt av Kjell Ottar Hovland.

Skuleskyss frå Vikadalen

Frå Vikadalen (Naddvik) dreiv Anfinn Hovland skuleskyss og arbeidsrute til Årdalstangen frå bygdene ute langs fjorden frå kring 1960 og inntil fjordbygdene fekk vegutløysing.

Arbeids- og mjølkeruter til Luster

I 1964 ytte Årdal kommune tilskot til ei dagleg mjølkerute frå Solvorn i Luster til Årdalstangen.

Eit bilete som fortel litt om ferdsla på Årdalsfjorden. MS ”Sunnfjord” gjekk i snøggruta mellom Bergen og Årdalstangen. Årdal og Sunndal Verk eigde båtane ”Storegut” og ”Tya”, og desse var i flittig bruk på 1950- og 1960-talet, ikkje berre for verket, men og i sjuketransport til Lærdal. Fleire årdøler er fødde om bord i ”Tya”. Foto: Verksposten. Eigar: Årdal Sogelag.

Verket sine «Tya» og "Utla

Då ÅSV vart skipa etter krigen, hadde aluminiumsverket trong for raskare persontransport m.a. til jernbanen i Flåm enn det vanlege båtruter kunne tilby. I 1952 kjøpte verket difor den luksuriøse hurtigbåten «Tya». Båten var i bruk til 1960. Seinare kjøpte ÅSV skyssbåten «Utla» som også var brukt som ambulansebåt. ÅSV eigde og skøyta "Storegut".

Årdal Verk kjøpte den hurtiggåande båten ”Tya” i 1952. Båten vart brukt mellom anna når sjefane på verket skulle på tur og vegen over fjellet ikkje var open. ”Tya” gjekk og mange turar i sjuketransport til sjukehuset i Lærdal. Foto: Verksposten. Eigar: Årdal Sogelag.

Les meir om samferdsle i Årdal.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 14.04.2011