Hopp til innhold
X
Innhald

Fluorkatastrofen

Ei daud furu mellom Eldegard og Løst. Fluoren tok knekken på mykje av barskogen i Årdal. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Ei daud furu mellom Eldegard og Løst. Fluoren tok knekken på mykje av barskogen i Årdal. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Utsyn frå Hjelledalen mot Utladalen og Øvre Årdal. Vi ser og eitt av dei mange furutrea som fluoren har teke livet av. Foto: Judith Stølen.

Utsyn frå Hjelledalen mot Utladalen og Øvre Årdal. Vi ser og eitt av dei mange furutrea som fluoren har teke livet av. Foto: Judith Stølen.

Mangel på reinseanlegg gjorde at mykje av barskogen i Årdal vart sterkt skadd av flourutslepp då aluminiumsverka vart sette i drift etter 2. verdskrig. Til og med kjempefuruene i Vettismorki veikna og visna.

I 1949 engasjerte bønder i Utladalen og på Moa advokat. Dei hadde registrert skader på «såvel kreaturer og vegetasjon, herunder også barskog». Dyra var så elendige at dei måtte køyrast med lastebil til fjellbeita. Kyr og andre klauvdyr fekk store skader på skjelett og tenner.

Dei hadde fluorforgiftning. Fluorskadane i Årdal vekte oppsikt i rikspressa, og saka kom opp i Stortinget. Bøndene gjekk til sak. Dommen fall i 1952: Trass i at generaldirektør Aage W.Owe og resten av leiinga lenge nekta for at dei var skuld i tragedien, måtte ÅSV ut med ein halv million kroner i erstatning pluss sakskostnader.

Øvre Årdal i 1958. Slik kunne det sjå ut når verket forureina på det verste, og veret hindra røyken i å stige opp. Foto: Jan Haavik. © Årdal Sogelag.

Øvre Årdal i 1958. Slik kunne det sjå ut når verket forureina på det verste, og veret hindra røyken i å stige opp. Foto: Jan Haavik. © Årdal Sogelag.

Ny rettssak

Verket monterte reinsefilter som dei hevda tok bort 92 prosent av fluoren, men kontrollar viste noko anna, og i 1955 vart det ny rettssak. Direktør Owe meinte at industrien hadde gjeve Årdal fleire goder enn ulemper, og slikt måtte årdølene tole! Men på ny tapte ÅSV, og måtte ut med 1,5 millionar denne gongen.

Det gjekk kring 40 år før aluminiumverket fekk installert så gode reinseanlegg at fluoren ikkje lenger gjorde skade på barskogen. Ein stor del av røyken vert no reinsa i eit såkalla tørrenseanlegg der aluminiumoksid vert nytta for å samle opp fluor, som vert ført tilbake til smelteprosessen.

Moa sett frå vegen til Tyin. Gardbrukarane der og i Utladalen fekk erstatning for skadar som utslepp frå verket førde til. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Moa sett frå vegen til Tyin. Gardbrukarane der og i Utladalen fekk erstatning for skadar som utslepp frå verket førde til. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Det som vert att, vert sendt gjennom eit «våtrenseanlegg» der ein nyttar lut for å trekkje ut resten av fluoren og andre gassar. Men reinseanlegga kan framleis ikkje fange opp alt, og verket har løyve til å sleppe ei viss mengde fluorid og klimagassar ut i lufta. Verksemda har fått særskilde pålegg om å kartleggje utslepp av det fårlege stoffet PAH.

Det kjem framleis røyk opp frå hallane i Øvre Årdal, men reinseanlegga gjer at det som kjem ut er ein god del snillare mot miljøet enn tilfellet var på 1950-talet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Det kjem framleis røyk opp frå hallane i Øvre Årdal, men reinseanlegga gjer at det som kjem ut er ein god del snillare mot miljøet enn tilfellet var på 1950-talet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Les også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 27.04.2011