Hopp til innhold
X
Innhald

Folk frå Årdal i tysk fangenskap

Jørgen Hæreid var mellom lærarane som vart sende til Kirkenes i 1942.

Jørgen Hæreid var mellom lærarane som vart sende til Kirkenes i 1942.

Folk frå Årdal i tysk fangenskap under 2. verdskrig:

  • Nanon Janette Seielstad fødd 1886. Husmor. Arrestert 11.09.1943, overført Bredtvedt 11.09.1943, og rømde derfrå 14.04.1944.
  • Ole Hestetun fødd 1887. Arrestert 12.05.1944, overført Bergen, sett fri 16.06.1944.
  • Jørgen Hæreid fødd 1887. Lærar. Arrestert 20.03.1942, overført Grini, overført Jørstadmoen, overført Grini 12.04.1942, overført Kirkenes 28.04.1942, sett fri 20.11.1942.
  • Alfred Gause fødd 1891. Montør. Arrestert og overført Bergen 13.10.1944, overført Espeland 1.12.1944, overført Mølergata 19 27.02.1945. Ingen andre opplysningar.
  • Håkon O. Lysne fødd 1891. Gardbrukar og løytnant. Arrestert 16.08.1943, overført Schildberg, overført Luckenwalde og sat der til freden.
  • Bjarne Erichsen fødd 1892. Avdelingssjef. Arrestert 2.04.1943, overført Grini 22.06.1943, sett fri 6.11.1943.
  • Andreas Eggebø fødd 1894. Lærar. Arrestert 15.04.1942, overført Grini 30.04.1942, sett fri 12.12.1942.
  • Thorvald Askeland fødd 1898. Lensmann. Arrestert 6.07.1944, overført Bergen, overført Grini 24.08.1944, sett fri 23.12.1944.
  • Sigvald Aarebru fødd 1900. Kjøpmann og løytnant. Arrestert 16.08.1943, overført Grune, overført Schildberg, overført Luckenwalde og sat der til freden.
  • Harald Christensen fødd 1901. Postopnar. Arrestert 16.05.1942, overført Bergen, overført Oslo, overført Ulven 3.06.1942. Ingen andre opplysningar.
  • Christian Cappelen fødd 1904. Sekretær. Arrestert 15.04.1942, overført Halden, overført Åkebergveien, overført Møllergata 19 22.04.1942, sett fri 27.06.1942.
  • Walter Lund fødd 1906. Arbeidar. Arrestert og overført Bergen 12.06.1944, overført Åkebergveien. Ingen andre opplysningar.
  • Sverre Hestetun fødd 1911. Lege. Arrestert 30.11.1943, overført Stavern, overført Grini 8.01.1944, sett fri 18.02.1944.
  • Torgeir Odd Haaland fødd 1912. Kontorsjef. Arrestert 6.07.1944, overført Espeland, overført Grini 24.08.1944 og sat der til freden.
  • Erling Oskar Waldemarsen fødd 1912. Arrestert 12.06.1944, overført Espeland 19.07.1944, overført Akershus 28.10.1944, overført Dreibergen 9.12.1944 og sat der til freden.
  • Odd Hagen fødd 1913. Fyrbøtar. Arrestert og overført Bergen 2.05.1944, overført Espeland 15.06.1944. Ingen andre opplysningar.
  • Edvard Gustavsen fødd 1915. Vaktmann. Arrestert 28.10.1944, overført Bergen, overført Espeland 15.11.1944, overført Grini 9.01.1945 og sat der til freden.
  • Oddvar Nestvold fødd 1916. Diplomingeniør. Arrestert 18.11.1941, overført Falstad 11.12.1941 og rømde derfrå 19.05.1942.
  • Aase Berge f. ?. Arrestert 1.08.1944, overført Bergen, sett fri 5.08.1944.
  • Jørgen Fugle f. ?. Arbeidar. Arrestert 2.05.1944, overført Espeland 15.06.1944. Ingen andre opplysningar.
  • Anton Løkkeberg fødd 1920. Ammunisjonsarbeidar. Arrestert og overført Bergen 24.02.1943, overført Espeland 6.03.1943, sett fri 29.05.1943.
  • Terje Strand fødd 1920. Student. Arrestert 12.04.1945, overført Espeland 14.04.1945. Ingen andre opplysningar.
  • Gerhard Brunet fødd 1922. Arbeidar. Arrestert 2.05.1944, overført Espeland 22.05.1944. Ingen andre opplysningar.
  • Olav Offerdal fødd 1923. Gymnasiast. Arrestert 14.11.1944, overført Bergen, overført Espeland, overført Grini 21.02.1945 og sat der til freden.
  • Waldemar Slaavik fødd 1923. Arrestert 11.08.1944, overført Bergen, overført Espeland 18.08.1944. Ingen andre opplysningar.
  • Kristen Torbjørnsen fødd 1923. Arbeidar. Arrestert 2.05.1943, overført Grini 24.02.1943, sett fri 2.04.1943.
  • Johannes Trondskog fødd 1923. Arbeidar. Arrestert 2.05.1945, overført Bergen og sat der til freden.
  • Charles Haus f. ?. Student. Arrestert 16.07.1944, overført Grini 23.08.1944. Ingen andre opplysningar.
  • Aasmund Kristensen fødd 1924. Transportarbeidar. Arrestert 29.09.1943, overført Åkebergveien, overført Møllergata 19 4.10.1943. Ingen andre opplysningar.
  • Conrad Lerpold fødd 1925. Arbeidar. Arrestert 2.05.1944, overført Espeland 9.06.1944. Ingen andre opplysningar.
  • Sigfrid Lægreid fødd 1925. Hushjelp. Arrestert og overført Bergen 13.10.1944, overført Espeland 24.11.1944. Ingen andre opplysningar.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 02.05.2011