Hopp til innhold
X
Innhald

Folkevegen – eit dugnadsprosjekt av dei sjeldne

Folkevegen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK

Folkevegen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK

Vegen frå Hjelle til Vetti gjennom Utladalen vart opna i 1977. Vegen vart bygd på dugnad, og vert difor kalla «Folkevegen».

Ei av dei fire bruene på vegen, Avdalsbrui. Det er 30 meter ned til botnen av elvegjelet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Ei av dei fire bruene på vegen, Avdalsbrui. Det er 30 meter ned til botnen av elvegjelet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Det tok fire år å byggje den 4800 meter lange vegen. Arbeidet starta i 1972, og kring 1500 årdøler la ned 50.000 dugnadstimar i prosjektet fram til Folkevegen kunne opnast av fylkesmann Ingvald Ulveseth den 19. juni 1977.

I reide pengar kosta vegen 290.000 kroner. Då er fire bruer over Utla medrekna. Jan B. Paulsen var ei eldsjel for å få Folkevegen bygd.

- Les meir i artikkelen Sterk dugnadsånd.

Folket i Vetti måtte greie seg med kløvjeveg og hengebruer fram til 1977. Då stod dugnadsprosjektet Folkevegen ferdig til bruk. Men i dag bur det folk i Vetti berre om sommaren. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Folkevegen til Vetti er hovudsakeleg ein gang- og sykkelveg, men grunneigarane har lov til å køyre bil eller som her - ATV - til varetransport. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Folkevegen til Vetti er hovudsakeleg ein gang- og sykkelveg, men grunneigarane har lov til å køyre bil eller som her - ATV - til varetransport. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 13.04.2011