Hopp til innhold
X
Innhald

Fortun-krafta til Årdal

Det gjekk som dei fremste optimistar hadde spådd: Aluminiumverket i Årdal vart ein pengemaskin for Staten, og verket vart utvida med to nye byggjesteg i 1959 og 1962 - Årdal II og Årdal III.

10 år seinare vart den første omnshallen, Årdal I modernisert. Årdal verk var no det største aluminiumverket i Europa med ein kapasitet på 150.000 tonn årleg.

Krafta som skulle til, skaffa ÅSV ved regulering av Tyavassdraget i Øvre Årdal. Men den største kraftmengda henta verket frå nabokommunen Luster: Etter eit mislukka forsøk på å starte stålverk i Høyanger, hadde konsul Harald Larsen kjøpt Fortunsvassdraget. Her dreiv han i nokre år ein liten «elektrostålfabrikk» ved Skagen. Då fabrikken brann opp og Larsen måtte gje seg, overtok Sogns Eiendomskompani fallrettane, og det var frå dette selskapet at ÅSV kjøpte Fortunsvassdraget.

Fortun Kraftverk. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Fortun Kraftverk. Foto: Ottar Starheim, NRK.

På same staden som konsul Larsen dreiv sitt mislukka stålverk, bygde ÅSV Fortun kraftstasjon. Det leverte meir straum til ovnane i Årdal enn heile Tyin-utbygginga til saman. Fortun kraftverk starta produksjonen i 1959. Tyin og Fortun produserte seks gonger så mykje kraft som det gjekk med til almennforsyninga i resten av fylket. Fortunsverka hentar krafta frå Fortunvassdraget og Grandfastavassdraget kring Sognefjellet, og har sidan vorte mykje utvida og moderniserte.

Aluminiumverket i Øvre Årdal i 1961. Å3  med E- og F-hallen er nybygd. Dette er dei same hallane som vart rivne i 2008/2009. Foto: Verksposten. © Årdal Sogelag.

Aluminiumverket i Øvre Årdal i 1961. Å3 med E- og F-hallen er nybygd. Dette er dei same hallane som vart rivne i 2008/2009. Foto: Verksposten. © Årdal Sogelag.

Les også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 20.04.2011