Hopp til innhold
X
Innhald

Fras Technology

Fras Technology har etablert seg i eitt av dei gamle murhusa som Tyinfaldene reiste i Øvre Årdal i 1920. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Fras Technology etablerte seg i eitt av dei gamle murhusa som Tyinfaldene reiste i Øvre Årdal i 1920. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Fras Technology AS er eit selskap innan oljeteknologi som vart skipa i 2005 og har hovudkontor i Ås ved Oslo.

I 2009 kunngjorde selskapet at det vil byggje ei avdeling med kring 30 arbeidsplassar i Årdal.

Avdelinga fekk namnet Fras OMC og tok sikte på å ha både oljeindustrien, kraftbransjen og reiarlag som kundar. Men Fras Technology trekte seg seinare ut, og det vart ikkje noko av avdelinga i Årdal.

Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.01.2016