Hopp til innhold
X
Innhald

Fylkesbåtrutene på Årdal

MS ”Sunnfjord” ved kai på Årdalstangen  1. mai 1959, klar for ein ny tur i snøggruta til Bergen. Skipet er flaggpynta  som det høver seg når det ligg ved kai i Årdal på ein 1. mai. Foto:  Aase Udberg. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Årdalstangen

fekk dampskipssamband i 1869. Dette var 11 år etter at Fylkesbaatane starta rutene sine på Sogn med endestopp på Lærdalsøyri. I 1871 vart det bygt kai på Årdalstangen med Nils Qvam frå Sogndal som ekspeditør.

Snøggrute til Bergen

Då Fylkesbaatane starta snøggrutene med dei nye skipa "Sognefjord" og "Sunnfjord" i 1949, vart Årdalstangen endestopp på ruta Sogn-Bergen. Desse skipa hadde også spesialutstyr med dreieskiver på dekk slik at dei lettare kunne frakte bilar.

Det var ferjerute til Årdalstangen frå 1957 til 1993. Her er bilferja ”Aurland” ved kai, medan bussen på Årdal Billag ventar på passasjerar frå ferja. Ukjend fotograf. Eigar: Årdal Sogelag.

Det var ferjerute til Årdalstangen frå 1957 til 1993. Her er bilferja ”Aurland” ved kai, medan bussen på Årdal Billag ventar på passasjerar frå ferja. Ukjend fotograf. Eigar: Årdal Sogelag.

Ferje Årdalstangen-Kaupanger

På Årdalstangen vart det bygt ferjelem i 1957 og starta ferjerute – først til Solvorn fram til kring 1970 og deretter til Kaupanger. Fram til riksvegen vestover til ferjeleiet på Fodnes vart opna i 1993, var ferjesambandet frå Årdalstangen til Kaupanger i drift. Ferjereisa tok 1 time og 20 minuttar. Ferja gjekk også opp under Naddvik og Ofredal før desse bygdene fekk vegutløysing mot Årdal.

Ekspressbåtruta på Sogn

I 1971 starta Fylkesbaatane som eitt av dei første trafikkselskapa i landet med hurtiggåande ekspressbåtruter. Først ut var «Sogneruta» med endestopp på Årdalstangen.

Kaia i Naddvik hadde rutestopp frå 1895 til 1982. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kaia i Naddvik hadde rutestopp frå 1895 til 1982. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Naddvik

fekk rutestopp frå 1895. Fram til Naddvik fekk vegsamband til Årdalstangen i 1982 gjekk ferja som trafikkerte på Årdalsfjorden, opp under Naddvik.

Kaia med kaihus i indre Ofredal. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kaia med kaihus i indre Ofredal. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Ofredal

fekk rutestopp i 1895. Fram til Ofredal fekk vegsamband til Seimsdal og Årdalstangen i 1992 gjekk ferja som trafikkerte på Årdalsfjorden, opp under Ofredal.

Seimsdal

fekk rutestopp av Fylkesbaatane i 1931.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 14.04.2011