Hopp til innhold
X
Innhald

Grunnskulane i Årdal

Vikadal skule i Naddvik var den siste grendeskulen i Årdal. Skulen vart lagd ned i 1982. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Vikadal skule i Naddvik var den siste grendeskulen i Årdal. Skulen vart lagd ned i 1982. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Den første skuleordninga

for Årdal vart organisert i 1741. Det skjedde på eit møte - ein ”skulefundas” - som sokneprest Jonas Leyerdal skipa til for "Lærdals Præstegjeld" som Årdal då høyrde under. På skulefundasen vart Årdal delt inn i to skulekrinsar: Nedre Årdal krins for bygder ved Årdalsfjorden til og ned Eldegard på sørsida og Nundal på nordsida av Årdalsvatnet, og Øvre Årdal krins for dei øvre bygdene som ligg aust for Årdalsvatnet. Jens Bache vart første læraren i Årdal. Han hadde plikt til å gjennomføre åtte vekers skule i fjordbygdene og 16 vekers skule i bygdene ovanfor vatnet. Årdal vart skild frå Lærdal som eigen kommune i 1860, men først ved delinga av prestegjeldet i 1863 vart Årdal sjølvstendig ”skulekommune”. Kommunen hadde då to lærarar på fastskule og to omgangsskulelærarar. I dei komande åra vart omgangsskulen gradvis avløyst av fastskule i bygdene.

Første fastskulen på Årdalstangen. © Årdal Sogelag.

Første fastskulen på Årdalstangen. © Årdal Sogelag.

Deling og samling av skulekrinsar

I tillegg til hovudbygdene Tangen og Farnes vart det etter kvart eigne skulekrinsar i grendene Ofredal, Vikadal/Naddvik, Ve, Utladal, Vetti, Eldegard, Bergmål, Avdal, Seimsdal, Nundal og Fardal. I 1890 vart det vedteke og leggje ned Vetti og Eldegard krinsar. Vetti gjekk inn under Ve krins og Eldegard vart lagt under Tangen slik at det etter den nye ordninga vart i alt åtte skulekrinsar. Ve krins vart delt att i 1904 slik at Ve med Veshagen vart eigen krins, og Utladalen vart eigen krins. Men i 1906 vart dei to krinsane på nytt samla til ein. Utbygging av Tyinfalla gjorde at det vart bygd ein ”samleskule” på Farnes i 1918, og Ve-krinsen vart lagt inn under denne. Så lenge Ve eksisterte som eigen krins, heldt skulen til i gamlestova på Ve gard.

Skulebygningen som vart reist på Årdalstangen i 1921. Etter at nye Tangen skule stod klar i 1955 vart bygningen brukt til helsehus. Foto: Verksposten. Eigar: Årdal Sogelag.

Skulebygningen som vart reist på Årdalstangen i 1921. Etter at nye Tangen skule stod klar i 1955 vart bygningen brukt til helsehus. Foto: Verksposten. Eigar: Årdal Sogelag.

Tangen/Årdalstangen

Første skulehuset på Tangen, som grenda vart nemnt tidlegare, vart bygt i 1868. Første skuleboksamlinga kom i 1899. Årdalstangen fekk ny skule i 1921. Arkitekt og byggmeister for skulehuset på Tangen var Ola Hestetun. Han bygde også Lærdal sjukehus.

Tangen skule. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Tangen skule. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Skulehuset på Årdalstangen vart avløyst av nybygg i 1955, og gamleskulen vart ombygd til eit helsehus som var det første i landet i sitt slag (sjå eigen artikkel under: Helsestell). Nyeskulen fekk tilbygg i 1967 med m.a. symjehall og andre spesialrom. I samband med at Årdalstangen skule vart pussa opp i 2004 vart det også bygt ein stor ”fritidspark” ved skulen. Fritidsparken er utvikla saman med Årdalstangen Idrettslag og har kunstgrasbane og dekkjungel, klatrevegg, ballvegg, turnbasseng, skateanlegg, sandvolleyballbane og fleire baner for ballidrettar.

Gamle Farnes skule, bygd i 1918. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Gamle Farnes skule, bygd i 1918. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Øvre Årdal

Farnes krins i Øvre Årdal fekk første skulehuset sitt i 1876. Farnes fekk nytt og stort skulehus med seks klasserom i 1918. Bygget har den tidstypiske stilen med knekk på taket. Det var teikna ein av ”hoff arkitektane” til Norsk Hydro, Helge E. Blix, og står framleis som eit minne om den første ”urbaniseringa” av byggjestilen i industribygda. A/S Tyinfaldene gav kommunen eit rentefritt lån på til saman 50.000 kroner då skulehusa på Farnes og Årdalstangen vart bygde i 1918 og 1921. Farnes skule fekk nybygg i 1956, og i eit byggjesteg i 1961 fekk skulen m.a. gymnastikksal med scene og garderobar som stetta Riksteatret sine krav. I 1962 vart symjehallen opna. Gamleskulen på Farnes vart frå 1965 nytta av yrkesskulen for handel og kontor og av skuletannrøkta, seinare fekk kulturetaten i Årdal kommune kontor der.

Farnes skule

– sjå Øvre Årdal.

Farnes skule, bygd i 1956. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Farnes skule, bygd i 1956. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Bergmål

ved Årdalsfjorden var eigen skulekrins i 1860, men når barnetalet var lite i grenda, fekk ungane frå Bergmål anten gå på skule i Ofredal, Vikadal, eller på Strendene.

Eldegard

med Bremborg var eigen skulekrins i 1870-1880-åra og fram til til 1890. Seinare gjekk borna frå Eldegard skiftevis på skulane på Ve og på Moa. Ei stund hadde Eldegard heimeskule, men til slutt vart grenda lagt under Ve skulekrins.

Avdal

vart eigen skulekrins i 1870-1880-åra. Ei stund hadde Avdal heimeskule, men det mest vanlege var at borna vart innlosjerte i Utladal eller Vetti og gjekk på skule der.

Nundal var eigen skulekrins til midt på 1950-talet. Foto: Vidar Moen.

Nundal var eigen skulekrins til midt på 1950-talet. Foto: Vidar Moen.

Nundal

krins delte den første tida på læraren med krinsane Seimsdal, Tangen og i Øvre Årdal. Nundal krins på nordsida av Årdalsvatnet fekk aldri sitt eige skulehus. I 1947-1948 vart krinsen lagt ned, men vart teken opp att kort tid etter, før Nundal vart endeleg lagt ned i 1954-1955 då huslydane med born flytta til Farnes. Skulestova i Nundal vart kort tid etter råka av eit steinras som slo gjennom taket.

Skulehuset i Fardalen. Foto: Øygarden, frå Årdal skulesoge.

Skulehuset i Fardalen. Foto: Øygarden, frå Årdal skulesoge.

Fardal

fekk etter mykje kommunal strid sitt eige skulehus i 1907. Fardal skule vart lagt ned i 1957-1958 og borna bussa til Farnes skule.

Vikadal/Naddvik

fekk første skulehuset i 1878, og dette huset vart nytta så lenge krinsen eksisterte. Då vegen til Årdalstangen vart opna i 1982 vart Vikadal skule lagt ned. Vikadal var den siste grendaskulen i Årdal kommune.

Gamle Seimsdal skule. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Gamle Seimsdal skule. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Seimsdal

fekk første skulehuset i 1883. Skulen vart lagt ned i 1963 då den nye vegtunnelen gjorde det mogeleg å la borna busse inn til skulen på Årdalstangen.

Ofredal

fekk første skulehuset i 1903. Ofredal delte i mange år på læraren med småkrinsar i Øvre Årdal og Vikadal på sørsida av fjorden. Ofredal skule vart lagt ned i 1971-1972 og skuleborna innlosjerte på Årdalstangen.

Gamle Ofredal skule. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Gamle Ofredal skule. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Vetti

var eigen skulekrins frå 1916 til 1937. Vetti krins fekk aldri sitt eige skulehus.

Utladal

vart eigen krins i 1904 og fekk nytt skulehus i 1924. Dette var det siste skulehuset som vart bygt i småkrinsane. Utladal skule vart lagt ned i 1958-1959.

Tidlegare Utladal skule. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Tidlegare Utladal skule. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.04.2011