Hopp til innhold
X
Innhald

Gullalderen kring 1970

Rundt 1970 rann pengane frå sala av aluminium jamnt og trutt inn både i statskassa og i Årdal. Her ser vi badtømming i ein av dei gamle Søderberg-omnane i Å3. Foto frå arkivet til Hydro Aluminium.

Rundt 1970 rann pengane frå sala av aluminium jamnt og trutt inn både i statskassa og i Årdal. Her ser vi badtømming i ein av dei gamle Søderberg-omnane i Å3. Foto frå arkivet til Hydro Aluminium.

Dei store utbyggingane på slutten av 1950-talet og 1960-talet førde til ein sterk auke i talet på tilsette: I 1961 arbeidde det 2200 personar ved Årdal verk. Gjennom 1960- og 1970-talet auka produktiviteten ved verket med sju-åtte prosent årleg.

Lasting av aluminium på Årdalstangen i 1964. Foto: Verksposten, utlånt frå Årdal Sogelag.

Lasting av aluminium på Årdalstangen i 1964. Foto: Verksposten, utlånt frå Årdal Sogelag.

Den rike industrikommunen vart utover på 1960- og 1970-talet den folkerikaste kommunen i Sogn og Fjordane, med ein topp i 1972 på 7556 innbyggjarar. Tida kring 1970 kan på mange vis karakteriserast som «gullalderen» for aluminiumverket og det einsidige industrisamfunnet det hadde skapt kring seg. Sidan har redusert aktivitet og modernisering ført til ein relativt stor nedgang i folketalet, som i år 2000 var nede i 5808 personar.

Støyperiarbeidarar - Mårens gruppe - i 1962. Foto: Verksposten. © Årdal Sogelag.

Støyperiarbeidarar - Mårens gruppe - i 1962. Foto: Verksposten. © Årdal Sogelag.

Det starta med «regimeskiftet» då Jean Michelet avløyste Aage W. Owe som generaldirektør i 1965, og Jørgen C. Thorkildsen vart verksdirektør i Årdal etter Oscar Wergeland i 1966. I dei 11 åra Thorkildsen sat som lokal direktør, fekk han ansvaret for ei hard rasjonalisering og nedbemanning med 450 personar. Reduksjonen skjedde ved naturleg avgang og ved omplassering. Ingen vart oppsagde.

Øvre Årdal i 2009. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Øvre Årdal i 2009. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Les også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 04.10.2012