Hopp til innhold
X
Innhald

Gunnar O. Hæreid

Gunnar O. Hæreid. Privat foto.

Gunnar O. Hæreid. Privat foto.

Gunnar Ove Hæreid fødd 1970 på Årdalstangen, busett i Oslo, seinare i Leikanger. Jurist og assisterande fylkesmann i Sogn og Fjordane sidan 2011, frå 10.8.2018 til fylkesmannsembetet blir slått i hop med Hordaland 31.12.2018 var han utnemnd som fylkesmann. Utdanna jurist, har arbeidd som dommarfullmektig ved Indre Sogn tingrett, konstituert dommar ved Hålogaland lagmannsrett, har vore tilsett hjå Sivilombodsmannen og frå 2002 til 2011 advokat hjå regjeringsadvokaten.

Hæreid har vore leiar av Juristmållaget frå 2005 til 2013, og styremedlem til 2017. Frå 2015 til 2018 var han styreleiar for IT-forum Sogn og Fjordane.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 01.08.2018