Hopp til innhold
Foto: Stortinget
Foto: Stortinget
X
Innhald

Gunvor Eldegard

Gunvor Eldegard, ingeniør, tidlegare ordførar i Ski og stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet frå Akershus 2005–17.

Gunvor Eldegard er fødd 14. april 1963 i Årdal i Sogn og Fjordane, der ho òg voks opp. Ho tok svakstraumlinja ved Sogndal yrkesskule i 1979–80, elektronikk ved lærlingskulen i Årdal i 1980–81, forkurs for ingeniørar ved Tinius Olsens skole på Kongsberg i 1981–82 og ingeniørstudiet ved Kongsberg ingeniørskole i 1982–85. Ho tok ulike kurs ved BI i 1993–94 og sjefskurs ved Forsvarets høgskole i 2010. Frå 2017 er ho prosjektleiar for yrkesfagløftet i Akershus fylkeskommune.

Eldegard var praktikant ved Årdal og Sunndal Verk i 1980–81, arbeidde deltid ved Gyldenløve Hotell i Kongsberg i 1983–85, var prosjektingeniør ved IGP AS i 1985–90, kontrollsystemingeniør ved Kværner Eureka i 1990–93, prosjektingeniør ved SSE AS i 1993–98, dagleg leiar og ingeniør i ERC AS i 1995–98 og ansvarleg leiar for elektro ved ERC AS i 1998–2003. Ho var ordførar i Ski kommune i 2003–05 og var stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet frå Akershus 2005–17.

Ho var nestleiar i Ski Arbeidarparti i 1991–95, medlem av Ski formannskap i 1993–2003, ordførar i 2003–05 og er kommunestyrerepresentant for perioden 2011–15. Som stortingsrepresentant har ho særleg arbeidd for eit likestilt arbeidsliv, og for å leggje til rette for kvinner i handverks- og teknologiyrke.

Eldegard var leiar for Kvinner i mannsyrker, KIM, i 1991–93 og medlem i styret for KIM Oslo i 1991–94. Ho var nestleiar i styret for Follo barnevernvakt i 1999–2003, nestleiar i driftstyret for Etterstad videregående skole frå 2001, medlem av representantskapet for Follo legevakt, Follo Ren, Follo økonomiske rådgivningstjeneste, Follo Brann- og feiervesen, Follo omsorgsboliger og leiar i representantskapet Follo Krisesenter IKS og Follo Kvalifiseringssenter IKS i 2003–05. Ho var medlem av styret for Morsa-prosjektet, landsstyret for Kommunenes Sentralforbund og Kirkelig Fellesråd i 2003–05 og medlem i styret for ERCAS i 1995–2005. 

Eldegard er nynorskbrukar, og har engasjert seg i spørsmål om nynorsk på Stortinget.

Kjelder

Gunvor Eldegard, Representanter og komiteer, stortinget.nohttp://www.stortinget.no/no/Representanter-og-komiteer/Representantene/Representantfordeling/Representant/?perid=GUE [lesedato 3.3.2012]

Peikarar

Bloggen til Gunvor Eldegard

Gunvor Eldegard inn i Ski kommunestyre

Intervju med Gunvor Eldegard om kvinner i arbeidslivet

Først publisert: 18.12.2012
Sist oppdatert: 31.07.2018