Hopp til innhold
X
Innhald

Gymnas og vidaregåande skule i Årdal

Årdal vidaregåande skule i Øvre Årdal. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Årdal vidaregåande skule i Øvre Årdal. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Ideen om eige gymnas i Årdal kom opp i 1958, då foreldrelaget ved realskulen sende ei oppmoding til kommunen.

Då Årdal yrkesskule for handel og kontor starta i 1965, søkte kommunen om å få starte ein økonomisk gymnasklasse, men fekk avslag. I 1967 fekk Årdal kommune mellombels løyve til å starte vanlege gymnasklassar knytte til Sogndal gymnas. Kommunen heldt lokale og utstyr. Oskar Skaar vart dagleg leiar.

Gymnasordninga vart integrert i Årdal vidaregåande skule då den kom i gang i 1976. Også dei yrkesretta skulane i kommunen vart integrert i den vidaregåande skulen, som flytta inn i nytt skulesenter i 1980. Hjelpepleiarskulen i Lærdal sorterer administrativt under Årdal vidaregåande skule.

Les meir om skulane i Årdal.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 11.04.2011