Hopp til innhold
X
Innhald

Haabets gruve

Von Schört gav seg likevel ikkje: Han sende melding til København om nye kjempefunn som var verd over 73 millionar dalar.

Kongen let seg forføre på nytt av von Schört og snudde på helen: Han avlyste aksjesalet. No ville kongen drive gruva sjølv. Men midt oppe i all viraken kring «Millionskurfet» døydde von Schört, og den sindige Worm tok over.

Men koparmalmen minka, og då Lars Knudsen i 1722 fann ein mindre forekomst, vart denne typisk nok kalla «Haabets Grube». Seinare fann ei bondekone skjerpet til «Prins Frederiks Grube». Men ingen av desse nye funna kunne hindre at Årdal Koparverk gjekk med stort underskot og var truga av nedleggjing.

Les også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 06.11.2008