Hopp til innhold
X
Innhald

Håkon Høgemo

Håkon Høgemo. Foto: NRK.

Håkon Høgemo. Foto: NRK.

Håkon Høgemo fødd 1965, frå Øvre Årdal, busett på Osterøy. Meisterspelemann på hardingfele.

Høgemo arbeidde ved aluminiumverket, men har sidan 1993 vore musikar på heiltid. Han har ei rad førsteprisar frå Landskappleiken, m.a. har han vunne A-klassen to gonger.

Han vann Spellemannsprisen i 2000 med eit soloalbum.

Høgemo har elles gjeve ut ei rad album saman med Karl Seglem og Terje Isungset i gruppa «Utla», og Tom Karlsrud og Judith Westrheim.

Han har saman med «Utla» hatt konsertar i Japan, USA og fleire europeiske land, med hovudvekt på Tyskland.

Han vann i 2005 ein ny Spellemannspris med plata ”Gamaltnymalt” saman med Sigrid Terese Moldestad frå Breim og Einar Mjølsnes frå Voss.

Sjå også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 12.04.2011