Hopp til innhold
X
Innhald

Hamre sin butikk på Tangen

Arnfinn Hamre frå Leikanger kom til Årdal som butikkdreng hos Sjur Årebru, men starta i 1890 eigen butikk på Tangen. Han handla smør, ost, kjøt og andre landbruksprodukt frå bøndene.

Då grunnleggjaren døydde i 1925 dreiv enkja Olina Hamre forretninga vidare under firmanamn A. Hamres Eftf. I 1941 tok Leidulf Øren over. Forretninga var ei av dei store på Årdalstangen i utbyggjingsåra etter krigen.

Sjå også: Sjur Årebru under «Dampskipskai og Dahls Hotell».

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 05.06.2008