Hopp til innhold
X
Innhald

Hege Bakken Wahlquist

Hege Bakken Wahlquist, fødd 1992 i Øvre Årdal. Handballspelar og sjukepleiar. 

Wahlquist debuterte som seniorspelar i IL Jotun i 2008. I 2011 gjekk ho til eliteserieklubben Sola i Rogaland. I ein kamp i eliteserien fekk ho ein alvorleg kneskade og var ute av spel i eitt år. I 2013 gjekk ho til eliteserieklubben Glassverket IF i Drammen. Der var ho med på å ta sølvmedalje i 2014/15 og bronsemedalje 2015/2016. I 2016 gjekk ho vidare til den danske eliteserieklubben Team Tvis Holstebro. For sesongen 2017/2018 skal ho spele for eliteserieklubben Silkeborg.

Hege Bakken Wahlquist har mange kampar for aldersbestemte landslag, og var mellom anna med på å ta sølvmedalje i ungdoms-VM i 2010. Ho har også fleire kampar for det norske rekruttlandslaget.

Hege Bakken Wahlquist under ein handballkamp. Kjell Arvid Stølen / NRK.

Hege Bakken Wahlquist under ein handballkamp. Kjell Arvid Stølen / NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 

Først publisert: 19.06.2017
Sist oppdatert: 19.06.2017