Hopp til innhold
X
Innhald

Heller jordeigar enn kremmar

Etter Dominikus Berntsen Nagel og Ørbech var det Zakarias Davidsen Svabo sin tur. Han var trønder, oppvaksen i Bergen, og styrde ei tid Kaupangergodset før han slo seg til som kremmar på Tangen i Årdal.

Svabo var gift med Maren Teiste frå storgarden Kroken. Slekta hennar hadde rådd over det meste av jordegodset i Hafslo og Luster, men måtte gå ifrå det. Kremmaren Svabo greidde å kjøpe tilbake både Indre- og Ytre Kroken og storgarden Fet på Hafslo, og i 1760 selde han handelen sin i Årdal og flytta til Kroken.

Les også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 05.06.2008