Hopp til innhold
X
Innhald

Henrik Spangelo

Henrik Spangelo.

Henrik Spangelo.

Henrik Spangelo (1858-1926) frå Årdal. Jurist, fossekjøpar og Høgre-politikar.

Son til lensmann Spangelo. Overrettsakførar i Grimstad 1888, sorenskrivar i Nedenes 1912. Han budde i Arendal, der han hadde ei mengd offentlege tillitsverv.

Vararepresentant på Stortinget for Arendal og Grimstad 1906-1909 og 1910-1912. Fast representant for same krins 1913-1915 og 1919-1921, representant for byane i Aust-Agder og Telemark 1922-1924. Odelstingspresident 1919-1924. Henrik Spangelo sikra seg i 1898 halvparten av fallrettane i elva Tya, som seinare la grunnlaget for A/S Tyinfaldene og bygging av aluminiumsverket i Øvre Årdal. Den andre halvparten vart p.g.a. usemje mellom grunneigarane på Ve seld til ingeniør Nils Henrik Bruun. I 1906 selde dei fallrettane i det store vassdraget til det tyske selskapet BASF.

Henrik Spangelo sikre seg også kontrollen over ei mengd eigedomar i Årdal som han seinare overlet til selskapet, og fekk Årdal kommunestyre med på å tilrå konsesjon for tyskarane sitt fossekjøp.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 12.04.2011