Hopp til innhold

Hilde Bjørkum

Hilde Bjørkum, folkemusikar, folkedansar og kulturarbeidar som har vore sentral i arbeidet med å utvikle folkemusikkfestivalen i Førde til ein knutepunktfestival med internasjonal profil.

Bjørkum er fødd 20. juli 1958 i Naddvik i Årdal. Ho er utdanna lærar med spesialutdanning i folkemusikk. Frå 1983 til 1986 var ho organisasjonssekretær i Landslaget for spelemenn og frå 1986 til 1989 den første arkivaren for folkemusikk i Sogn og Fjordane.
 
Frå 1989 til 2018 har Bjørkum med få avbrot vore dagleg leiar (dei siste åra direktør) for Førde Internasjonale Folkemusikkfestival, der over 3 000 musikarar frå kring 80 land har delteke gjennom åra. Ho har vore særleg aktiv i arbeidet med utvikling, nettverksbygging og kompetanseoppbygging for folkemusikk og folkemusikkfestivalar. I 2008 blei ho vald til president i det europeiske festivalnettverket European Forum of Wordwide Music Festivals (EFWMF).
 
Bjørkum er sjølv utøvande felespelar og dansar og har vunne Landskappleiken i dans tre gonger saman med Vidar Underseth. I 2006 fekk ho heidersprisen til Rådet for folkemusikk og folkedans. Ho er medlem av mellom anna Nordisk Musikkomité, Norsk kulturråd sitt musikkutval og Utanriksdepartementet sitt utval for støtte til profesjonelle musikarar i utlandet.

Først publisert: 16.06.2009
Sist oppdatert: 30.07.2018