Hopp til innhold
X
Innhald

HMR Årdal

HMR Årdal i Øvre Årdal. I 2012 vart all aktivitet her flytta til Årdalstangen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

HMR Årdal i Øvre Årdal. I 2012 vart all aktivitet her flytta til Årdalstangen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

HMR Årdal er ei dotterbedrift av HMR Group på Husnes og driv med reparasjon og vedlikehald av straumførande detaljar til norske aluminiumsverk.

HMR overtok saman med ei anna verksemd det konkursråka Årdal Mekaniske (starta av Bjarne Torvund) i 1990. Sidan 1997 har HMR vore eineeigar av verksemda som i 2006 har 30 tilsette og ei omsetning på over 80 millionar kroner.

Saman med HMR Hydeq

I 2012 vart HMR Hydeq fusjonert med HMR Årdal med namnet HMR Hydeq. Dei to verksemdene fekk stor nedgang i aktiviteten frå 2008 til 2012 som fylgje av nedgang på aluminiumsmarknaden. Samstundes vart det vedteke å flytte aktiviteten frå industribygget på Farnes i Øvre Årdal til Saltviki på Årdalstangen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 14.08.2012