Hopp til innhold
X
Innhald

Hydro Aluminium AS

Årdal Metallverk sett frå Moa vinteren 2009. Då pågjekk rivinga av Å3. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Årdal Metallverk sett frå Moa vinteren 2009. Då pågjekk rivinga av Å3. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Årdal Carbon på Årdalstangen. Foto frå arkivet til Hydro Aluminium.

Årdal Carbon på Årdalstangen. Foto frå arkivet til Hydro Aluminium.

Etter samanslåinga mellom vart aluminiumproduksjonen samla i ein eigen divisjon - Hydro Aluminium. I dette systemet heiter aluminiumfabrikken i Årdal: «Hydro Aluminium, Årdal Metallverk».

Verksemda er delt inn i avdelingane elektrolyseanlegg for omnshallane, anodemontasjeanlegg og støyperi, kai og transportanlegg, andre hjelpeanlegg og deponi.

Årdal Metallverk hadde i 2001 ein kapasitet til å produsere 200.000 tonn aluminium årleg. Støyperiet hadde ein kapasistet på 280.000 tonn årleg.

Årdal Carbon

På Årdalstangen ligg anodefabrikken Årdal Carbon - AAK.

Utskiljing av tenesteselskap

Arbeidsoppgåver som vedlikehald, ovnsmuring og transport vart skilde ut i eit eige «tenesteselskap»: Hydro Production Partner. Seinare er desse oppgåvene sett ut til det internasjonale selskapet Bilfinger. Også forsyning og IS/IT er skilt ut i eige selskap, og Teknologisenter Årdal - ATA driv forsking og laboratorium. Hydro Energi Tyin Kraftverk og Hydro Energi Sogn (sjå under Hydro) styrer Hydro sin kraftproduksjon i Tyin- og Fortun-anlegga.

Omstilling til nye tider

Utover 1990-talet kom det stendig sterkare signal frå Hydro-leiinga om at det gjekk mot ei nedtrapping av aluminiumsprodudksjonen ved verka i Sogn.

Portområdet og administrasjonen i Øvre Årdal. Hydro flytta mykje av administrasjonen frå Årdalstangen til Øvre Årdal. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Portområdet og administrasjonen i Øvre Årdal. Hydro flytta mykje av administrasjonen frå Årdalstangen til Øvre Årdal. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Les også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 26.04.2011