Hopp til innhold
X
Innhald

Hydro Energi

Turbinane i Tyin kraftstasjon. Foto frå tv-reportasje: Ragnvald Søgnesand, NRK.

Turbinane i Tyin kraftstasjon. Foto frå tv-reportasje: Ragnvald Søgnesand, NRK.

Etter fusjonen mellom Årdal og Sunndal Verk (ÅSV) og Hydro i 1986, vart all kraftproduksjon i konsernet samla i eit eige selskap - Hydro Energi.

Frå kontrollrommet til kraftstasjonen i Øvre Årdal i 1952. Foto: Verksposten. Frå arkivet til Hydro Aluminium.

Frå kontrollrommet til kraftstasjonen i Øvre Årdal i 1952. Foto: Verksposten. Frå arkivet til Hydro Aluminium.

I 1991 vart all aktiviteten i Sogn og Fjordane samordna i «Hydro Energi Sogn» med Olav Molvær som dagleg leiar. Hydro Energi gjennomførte kring år 2000 store ombyggingar og moderniseringar av Tyin-verka. Nye Tyin Kraftverk opna i 2004. I 2012 vart Holsbru kraftstasjon opna. Der vart turbinane frå 1941 tekne i bruk på ny. Hydro Energi eig i år 2001 alle kraftkjeldene i Årdal med unntak av Nyset-Steiggje, og kraftverka i Fortun- og Grandfasta i Luster.

Frå opninga av Holsbru kraftstasjon i 2012. Foto: Arve Uglum, NRK.

Frå opninga av Holsbru kraftstasjon i 2012. Foto: Arve Uglum, NRK.

Frå kraftutbygging i Årdalsfjella på 1950-talet. Her blir demninga mot Viervatnet i Berdalen bygd. Ukjend fotograf. Eigar: Per Vetti/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Frå kraftutbygging i Årdalsfjella på 1950-talet. Her blir demninga mot Viervatnet i Berdalen bygd. Ukjend fotograf. Eigar: Per Vetti/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Alle kraftverka som høyrer til verket i Høyanger er teke over av Statkraft. Dette gjeld også nyare kraftverk som i Gautingsdal-Eriksdalsvassdraga.

Kart som syner kvar kraftressursane i Tyin Kraftverk kjem frå. Eigar Hydro Aluminium.

Kart som syner kvar kraftressursane i Tyin Kraftverk kjem frå. Eigar Hydro Aluminium.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 10.12.2012