Hopp til innhold
X
Innhald

Hydro sel til Nordag

Den tyske krigsmaskinen var på febrilsk jakt etter det lette «krigsmetallet» aluminium til krigsflya sine. Det hadde ikkje gått mange dagane etter invasjonen 9. april 1940 før Luftwaffesjef Hermann Göring sende direktøren for Junker-fabrikken til Noreg for å sikre norsk aluminium til den tyske flyfabrikken.

Og alt hausten 1940 la Junker-direktør Heinrich Koppenberg fram planen om utbygging av norsk aluminiumindustri og seksdobling av produksjonen innan 1944.

Oksyd-råstoffet skulle skaffast frå norsk anortositt, som skulle bli supplert med bauxitt når Tyskland hadde skaffa seg kontroll over bauxittgruvene i Ukraina.

Då tyskarane fann ut at dei ville byggje aluminiumverk i Årdal var det første dei gjorde å lage til ein provisorisk kai i Saltviki på Årdalstangen. Dette er det første skipet med byggjemateriale til anlegget. Det var på same staden ”Palmyra” låg i 1945 då allierte fly gjekk til åtak. Foto: Nordag. Eigar: Årdal Sogelag.

Nordag

Til å styre den gigantiske planen om utbygging av norsk aluminiumindustri, skipa tyskarane i 1941 selskapet Nordag. Nordag skulle også byggje ut aluminiumverk fire andre stader i landet, men Årdal med kraftverka i Øvre var nøkkelpunktet i den norske planen: Her skulle det innan to år byggast ein oksydfabrikk for 50.000 tonn og eit alumiminiumverk for 24.000 tonn i året!

No hadde Hydro endeleg funne ein kjøpar til krafta frå Tyin! I oktober 1941 selde Hydro kraftstasjonen og alt dei eigde i Årdal til Nordag for 17,5 millionar kroner.

Vinteren 1942 var industrisamfunnet Årdal i støypeskeia. Reisverket til den første hallen er oppe, og Nordag hadde gjort heile bygda om til eit gigantisk anleggsområde. Foto: Nordag. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Les også artiklane:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 18.04.2011