Hopp til innhold
X
Innhald

Hydro tilbake i Årdal

Årdal Metallverk i 2007. To år seinare vart Å3 - hallane lengst til høgre - rivne. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Årdal Metallverk i 2007. To år seinare vart Å3 - hallane lengst til høgre - rivne. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Etter heimkjøpet av Alcan-aksjane i ÅSV i 1975, sat den norske staten med aksjemajoriteten i to norske storkonsern som konkurrerte imot kvarandre som aluminiumsprodusentar - Hydro og ÅSV. Dette hevda mange var meiningslaust.

Samde om samarbeid

Alt kring 1970 hadde Høgres industriminister Sverre Walter Rostoft teke til orde for ei samordning av norsk aluminiumindustri. ÅSV-direktør Jean Michelet sa før heimkjøpsforhandlingane i 1975 at «...det bør skje en sammenslutning av Statens interesser i olje, energi, kjemi, metall og ferdigvarer.»

Samde om samarbeid

Ut frå det som hende kring heimkjøpet av Alcan-aksjane i 1975 og den generelle utviklinga på aluminiumsmarknaden, vaks det etter kvart fram ein politisk konsensus om at dei to statskontrollerte konserna måtte samarbeide. Også på den politiske høgresida var det stemning for at Staten måtte få sterkare kontroll over nøkkelbedrifter for å kunne ta viktige nasjonale vegval.

I ein moderne aluminiumfabrikk blir det meste av arbeidet gjort maskinelt - her føregår massefylling. Foto frå arkivet til Hydro Aluminium.

I ein moderne aluminiumfabrikk blir det meste av arbeidet gjort maskinelt - her føregår massefylling. Foto frå arkivet til Hydro Aluminium.

Samanslåing

Etter hemmelege forhandlingar leia av Høgres industriminister Jan P. Syse, vart ÅSV slege saman med Norsk Hydro i 1986. Namnet Årdal og Sunndal Verk var historie, og den siste konserndirektøren, Håkon Sandvold, fekk arbeid som seniorforskar ved Hydro sitt hovudkontor på Lysaker.

Verkskaia på Årdalstangen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Verkskaia på Årdalstangen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Hydro Aluminium AS

Etter samanslåinga vart aluminiumproduksjonen i Hydro-konsernet samla i ein eigen divisjon - Hydro Aluminium.

Les også om:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 27.04.2011