Hopp til innhold
X
Innhald

Hydro

Hydro var inne i Årdal i kraftutbyggingsperioden frå 1918, i 1986 kom konsernet for fullt tilbake då Hydro overtok Årdal og Sunndal Verk. Dette er verksporten i Øvre Årdal. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Hydro var inne i Årdal i kraftutbyggingsperioden frå 1918, i 1986 kom konsernet for fullt tilbake då Hydro overtok Årdal og Sunndal Verk. Dette er verksporten i Øvre Årdal. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Hydro er eit verdsomspennande konsern som er mellom verdas største innan aluminiumsproduksjon. Den norske Staten er hovudeigar i selskapet. I Årdal har Norsk Hydro spela ei rolle – både på godt og vondt – heilt sidan tidleg på 1900-talet, og dominerer industrien i Sogn med aluminiumsverka sine i Årdal og Høyanger og vidarefordlingsverksemda i Vik.

Pionértida i Telemark

Norsk Hydro (Norsk Hydro-Elektrisk Kvælstofaktieselskab) vart grunnlagt av den norske ingeniøren Sam Eyde (1866-1940) i 1905 med svensk Wallenberg-kapital i tillegg til fransk og norsk kapital. Same året vart den første fabrikken for produksjon av syntetisk nitrogengjødsel starta på Notodden i Telemark. Produksjonen baserte seg på ei oppfinning av ein elektrisk lysbogeomn som Eyde hadde utvikla saman med fysikaren Kristian Birkeland (1867-1917). Med Birkeland-Eyde-prosessen kunne dei utvinne gjødsel frå nitrogenet i lufta. Prossessen kravde store kraftmengder, og Hydro bygde i åra fram til 1916 ut Svelgfoss, Såheim og Vemork kraftstasjonar. I 1927-1928 starta Hydro samarbeid med det tyske I.G. Farbenindustrie og gjekk over til ein meir økonomisk produksjonsprosess: Haber-Bosch-metoden for framstilling av ammoniakk. På 1960-talet la ein så om til petrokjemisk basert ammoniakkproduksjon, og produserte etter kvart eit stort utval av gjødselsortar og andre landbruksvarer. Hydro bygde gjødselfabrikkar både på Herøya ved Porsgrunn, på Rjukan og i Glomfjord, og har seinare vorte eit verdsomspennande konsern med gjødselfabrikkar i fleire land under firmanamnet Yara.

Hydro var med på kraftutbygginga i A/S Tyinfaldene. Dette biletet er frå 1915. Då vart dei såkalla Hydro-husa bygde. To av dei står framleis ved verksporten i Øvre Årdal. Foto: Mittet. Eigar: Per Vetti/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Hydro var med på kraftutbygginga i A/S Tyinfaldene. Dette biletet er frå 1915. Då vart dei såkalla Hydro-husa bygde. To av dei står framleis ved verksporten i Øvre Årdal. Foto: Mittet. Eigar: Per Vetti/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Hydro tidleg ute i Årdal

Heilt frå tidleg på 1900-talet var Norsk Hydro inne i fossekjøp i kraftutbygging i dei veldige fossane i Tyinfalla i Øvre Årdal, og dreiv gjennom heile mellomkrigstida store anleggsarbeid i bygda med sikte på utbygging av kraftkrevjande industri – som det diverre ikkje vart noko av. – Les meir om dette i eigne artiklar under Historie:”Industridraumen som fall i grus”.

Aluminiumsfabrikk på Herøya

Innan aluminium bygde Hydro på eiga hand sin første aluminiumsfabrikk på Herøya i mellomkrigstida. Denne vart bomba i grus under 2. verdskrig i 1944. Seinare bygde Hydro aluminiumsfabrikk på Karmøy, og fleire vidareforedlingsbedrifter både i Noreg og utlandet. Hydro vart eigar av aluminiumsverk og vidareforedlingsfabrikkar m.a. i Årdal, Høyanger og Vik då konsernet i 1986 vart slege saman med det statseigde Årdal og Sunndal Verk ( ÅSV). Med denne fusjonen fekk Hydro også kontroll over enorme kraftressursar m.a. i Årdal og Fortun i Luster.

Hydro inn i oljen

Nest etter Statoil vart Hydro ein av dei største aktørane då den norske kontinentalsokkelen i Nordsjøen tidleg på 1970-talet vart opna for leiting og utvinning av olje og gass. Hydro engasjerte seg også i distribusjon og detaljhandel av bensin og andre olje- og gassprodukt gjennom selskapet Hydro/Texaco. I 2007 vart Hydro slege saman med det statsdominerte norske oljeselskapet Statoil til StatoilHydro AS. Statoil Hydro har over 29.000 tilsette i 40 land.

Elektrolysehallane i Øvre Årdal er vel 400 meter lange, så sykkel er eit godt eigna transportmiddel. Foto: Hydro Aluminium.

Elektrolysehallane i Øvre Årdal er vel 400 meter lange, så sykkel er eit godt eigna transportmiddel. Foto: Hydro Aluminium.

Aluminiumsgiganten Hydro

Det som den gongen heitte Norsk Hydro overtok ÅSV i 1986. Norsk Hydro hadde frå 1906 til 1942 vore eigar av A/S Tyinfaldene i Øvre Årdal, men bygde den gongen berre ut kraftanlegga. Dei storfelte industriplanane vart det ikkje noko av i Norsk Hydro si tid.

Det er store dimensjonar på valseblokkene som blir produserte i Tya Støyperi. Vekta er på vel 15 tonn. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Det er store dimensjonar på valseblokkene som blir produserte i Tya Støyperi. Vekta er på vel 15 tonn. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Norsk Hydro selde anlegga i Årdal til nazistane sitt aluminiumsselskap Nordag i 1942, men kom altså tilbake til Årdal som eigarar i 1986. - Les meir om Hydro i Årdal under "Historie. Hydro er ein av dei største aluminiumsprodusentane i verda med fabrikkar i mange land. Hydro spelar også ein framståande globalt i utvikling av vindkraft og produksjon av hydrogen til energiføremål.

Delt selskapsstruktur i Sogn

Aluminiumsproduksjonen til Hydro er skipa som eigen divisjon under namnet Hydro Aluminium AS. I Sogn er dei to metallverka skipa som eigne askjeselskap med namna Hydro Aluminium AS, Årdal Metallverk AAM, og Hydro Aluminium AS, Høyanger Metallverk. Kraftproduksjonen i Hydro er organisert i selskapa Hydro Energi Tyin Kraftverk i Øvre Årdal og Hydro Energi Sogn for kraftverket i Fortun i Luster. Vidareforedlingsfabrikken i Vik i Sogn ber namnet Vik Verk AS.

Stort forskingssenter

Teknologisenter Årdal - ATA - som vart skipa i Årdal på slutten av 1980-talet og driv forsking og laboratorium. I alt har Hydro sitt teknologisenter over 100 tilsette i Årdal, Karmøy og Porsgrunn. Kring 80 av desse arbeider i Øvre Årdal og på Tangen.

Frå Årdal Carbon, der anodekol blir støypte og brende. Foto frå arkivet til Hydro Aluminium.

Frå Årdal Carbon, der anodekol blir støypte og brende. Foto frå arkivet til Hydro Aluminium.

HPP - Hydro Produksjonspartner

Hydro organiserte service- og produksjonsstøttefunksjonane ved fabrikkane sine i Noreg, Sverige og Tyskland i selskapet HPP – Hydro Produksjonspartner. HPP og selskapet Hydro Produksjonstjenester hadde til saman 2200 tilsette. HPP Vest som dekte Vestlands-fabrikkane, hadde 450 tilsette, og av dese var 180 tulsette ved hovudbasen i Årdal. I 2008 vart heile HPP seld til det tyske selskapet Bilfinger Berger og fekk namnet BIS Production Partner Holding. Bilfinger Berger er eit verdsomspennande vedlikehaldsselskap med 55.000 tilsette.

Blusstaking i Å3. Denne hallen er no riven, og Søderberg-omnane er historie. Foto: Hydro Aluminium.

Blusstaking i Å3. Denne hallen er no riven, og Søderberg-omnane er historie. Foto: Hydro Aluminium.

Omstilling til nye tider

Kring hundreårsskiftet satsa Hydro sterkt på bygging av aluminiumsverk i utlandet, samstundes som metallverk i Sogn fekk varsel om reduksjonar. Ein stor omstillingsprosess vart sett i gang for å skaffe alternative arbeidsplassar for dei som vart ledige i både Årdal og Høyanger, og Hydro sette av mange hundre millionar kroner til omstilling ved verksemdene sine på Vestlandet. I 2005 vart talet på tilsette ved verket i Årdal redusert med kring 180. Same året vart det gjort ein mislukka freistnad på å få det suksessrike selskapet Scan Wafer til å byggje ein solcellefabrikk med kring 250 tilsette i Årdal. I staden kom m.a. selskapet Dooria (sjå Fjordtre Produkter AS – Stryn kommune) med hovudkontor i Utvik i Nordfjord inn og bygde ein stor dørfabrikk i Årdal. Hydro lovde å investere kring 325 millionar kroner til omstilling og nyskaping i industrisamfunnet inst i Sogn. I 2008 opna Norsun AS ein stor solcellefabrikk på Årdalstangen. Sjølve har Hydro Aluminium satsa 200 millionar kroner på utviding av Teknologisenter Årdal ATA , som er konsernet sitt forskingssenter for utvikling og prøving av ny teknologi for aluminiumsproduksjon.

Årdal Metallverk slik det tok seg ut frå Tyin-vegen i 2007. Hallane som ligg lengst bort vart i 2008/2009 rivne etter at produksjonen vart stansa i 2007. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Årdal Metallverk slik det tok seg ut frå Tyin-vegen i 2007. Hallane som ligg lengst bort vart i 2008/2009 rivne etter at produksjonen vart stansa i 2007. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Store nedbemanningar

Den 13. juni 2007 vart dei gamle og forureinande Søderberg-omnane i Å3 ved verket i Øvre Årdal stengde. Då hadde dei vore i drift i 45 år og produsert over to millionar tonn aluminium. Nedstenginga vart ikkje erstatta av ny produksjon med moderne teknologi, og dermed vart kring 130 tilsette overflødige. I 2009 vart talet på tilsette redusert med 120 til, då finanskrisa med sterkt fall i aluminiumsprisane gjorde at Hydro Aluminium måtte kutte drastisk i kostnadene. Etter det har Hydro halde fram med å skjere ned på talet på tilsette, frå 2007 til 2012 forsvann rundt 400 arbeidsplassar, m.a. vart eitt av støyperia med 53 arbeidsplassar lagt ned i 2012. Etter det har Årdal Metallverk att 493 arbeidsplassar.

Riving av Å3 vinteren 2009. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Riving av Å3 vinteren 2009. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.08.2012