Hopp til innhold
X
Innhald

I nærkamp med bjørnen i Vormelid

Garden Vormelid ligg i Utladalen, ikkje så langt frå Vettisfossen. Kring 1840 var bonden som budde der på veg til kverna med ein sekk mjøl.

Då oppdaga han ein bjørn som hadde teke ei av geitene. Bonden vart harm over geitetapet og slo etter bjørnen med mjølsekken. Då sleppte bjørnen geita og tok på mannen i staden.

Ei jente som arbeidde ved kverna, så kva som hende og sprang etter hjelp. Då dei kom fram, låg mannen i uvit. Men dei fekk han i hus, og etter mange veker til sengs kvikna han nokolunde til att etter kampen med bamsen.

Denne artikkelen er ein lokalhistorisk artikkel frå Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Den er ikkje vurdert som leksikalsk innhald. Ver varsam med å nytte artikkelen som kjelde. 

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.09.2018