Hopp til innhold
X
Innhald

Idrett i Årdal

Frå ein kamp mellom Årdal FK og Stryn på Jotun stadion. Rune Førde i den grøne og raude, tidlegare Jotun-drakta, duellerer med Christian Holko.Foto: Oddleif Løset, NRK.

Frå ein kamp mellom Årdal FK og Stryn på Jotun stadion. Rune Førde i den grøne og raude, tidlegare Jotun-drakta, duellerer med Christian Holko.Foto: Oddleif Løset, NRK.

Jotunheimen Skyttarlag

vart skipa av folk frå Tangen og Vikadalen i 1887 med Anders Andersson Prestegard som første formann. Laget var innmeldt i Folkevæpningssamlaget (skipa 1881). Laget hadde skytebane på Sanden på Tangen. Men ein strid om namnet ”Jotunheim” med eit skyttarlag i Vang i Valdres gjorde at årdalslaget vart lagt ned på slutten av 1890-talet.

Farnes Skyttarlag

vart skipa i 1887.

Knipenborg Skyttarlag

vart skipa på Årdalstangen i 1900 av Ole T. Lægreid.

Damelaget til Jotun har markert seg som det beste handballaget i Sogn og Fjordane med fleire sesongar i den nest øvste divisjonen. Foto: Inge Kjell Holme, NRK.

Damelaget til Jotun har markert seg som det beste handballaget i Sogn og Fjordane med fleire sesongar i den nest øvste divisjonen. Foto: Inge Kjell Holme, NRK.

Idrettslaga i øvre slo seg saman

Øvre Årdal Skilag vart skipa i 1923 og fotballaget "Jotun" i 1935. Etter krigen slo dei seg saman til "Idrottslaget Jotun".

Øvre Årdal Skilag

– sjå artikkelen: Idrettslaga i øvre slo seg saman.

Idrottslaget Jotun

– sjå artikkelen: Idrettslaga i øvre slo seg saman.

Øvre Årdal bedriftsidrettslag

– sjå artikkelen: Idrettslaga i øvre slo seg saman.

Hydro Quality Games

– sjå artikkelen: Idrettslaga i øvre slo seg saman.

Årdalstangen Idrettslag

vart skipa i 1939, fram til 1967 var namnet Tangen Idrettslag.

Tangen Idrettslag

- sjå Årdalstangen Idrettslag.

Seimsåsen Aktivitetssenter

- sjå Årdalstangen Idrettslag.

Tangen skule- og fritidspark

- sjå Årdalstangen Idrettslag.

Friluftsbadet i Øvre Årdal vart bygt i 1962. Det er framleis gratis å ta seg ein dukkert i bassenget. Fleire symjeklubbar legg treningsleir til Årdal, for det er ikkje mange 50-metersbasseng i landet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Symjebasseng

fekk Årdal kommune lenge før andre kommunar i Sogn og Fjordane. Årdalstangen var først ute: Tangen Bedriftsidrettslag gjorde i 1952 framlegg om at ein skulle nytte varmt vatn frå råjernfabrikken som var starta i 1949. Det utandørs symjebassenget var teke i bruk i 1955. Friluftsbadet i Øvre med 50 meters basseng vart teke i bruk i 1962. Symjarar frå Årdal hevda seg på nasjonalt nivå tidleg på 1970-talet, då m.a. Annemor Holsæter - sjå Annemor Haaheim vart norsk meister.

Les meir om Kultur og organisasjonsliv i Årdal.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 29.04.2011