Hopp til innhold
X
Innhald

Idrettsanlegg og kulturbygg

Årdalshallen og friluftsbassenget i Øvre Årdal Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Årdalshallen og friluftsbassenget i Øvre Årdal Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Då ÅSV vart skipa like etter 2. verdskrig, tok det statseigde selskapet også på seg mykje av ansvaret for utbygging av infrastrukturen i industrikommunen. Dette kom ikkje minst utbygging av kultur- og idrettsanlegg til gode. I samarbeid med fagrørsla stod ÅSV i spissen for utbygging av nye forsamlingslokale og utandørs idrettsanlegg i eit omfang som andre kommunar i fylket berre kunne misunne årdølene for.

Ungdomshuset i Naddvik. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Ungdomshuset i Naddvik. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Før industriutbygginga etter 2. verdskrig, var det ungdomshus både på Årdalstangen, i Øvre Årdal, Seimsdal og i Naddvik. I 1947 og 1948 fekk fagforeiningane på Tangen og i Øvre overta brakker frå Årdal Verk som dei bygde om til dei første Folkets Hus. Dei to brakkene vart avløyste av nye samfunnshus i 1965 i Øvre Årdal og i 1968 på Tangen.

Samfunnshuset på Årdalstangen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Samfunnshuset på Årdalstangen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Første symjebassenget i fylket

fekk Årdal kommune lenge før andre kommunar i Sogn og Fjordane. Årdalstangen var først ute: Tangen Bedriftsidrettslag gjorde i 1952 framlegg om at ein skulle nytte varmt vatn frå råjernfabrikken som var starta i 1949. Det utandørs symjebassenget vart teke i bruk i 1955.

Friluftsbadet på Årdalstangen i 1956, året etter opninga. Foto frå Verksposten, eigar: Årdal Sogelag.

Friluftsbadet på Årdalstangen i 1956, året etter opninga. Foto frå Verksposten, eigar: Årdal Sogelag.

Friluftsbadet i Øvre med 50-meters basseng vart teke i bruk i 1962. Symjarar frå Årdal hevda seg på nasjonalt nivå tidleg på 1970-talet, då m.a. Annemor Holsæter (sjå denne) vart noregsmeister.

Årdalshallen i Øvre Årdal. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Årdalshallen i Øvre Årdal. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Årdalshallen

i Øvre Årdal vart opna i 1974 og er idretten si storstove i kommunen. I tillegg til stor idrettshall, rommar bygget symjebasseng og ei mengd treningsrom og møterom. Årdalshallen har sidan 1995 husa dei internasjonale handballtevlingane Hydro Quality Games saman med idrettshallen på Årdalstangen.

Tangenhallen

Idrettshallen på Årdalstangen vart bygd tidleg på 1990-talet.

Tangenhallen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Tangenhallen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 29.04.2011