Hopp til innhold
X
Innhald

Idrettslaga i øvre slo seg saman

Fotballaget til Jotun i 1963. Dette var det første laget i Sogn og Fjordane som kvalifiserte seg til spel i seriesystem utanom fylket.  Framme frå venstre: Sigmund Luggenes, Reidar Helgesen, Ener Haugen, Anders Hestetun og Gunnar Buene. Bak frå venstre: Egil Moen, Jonny Midtun, Kristian Hestetun, Gudmund Hestetun, Sigmund Øren og Magnar Moen. Ukjend fotograf

Øvre Årdal Skilag vart skipa i 1923 og fotballaget "Jotun" i 1935. Etter krigen slo dei seg saman til "Idrottslaget Jotun". IL Jotun har vore ein av dei fremste fotballklubbane i Sogn og Fjordane. I mange år skipa laget til "Jotun-revyen". Klubbhuset "Jotunhuset" vart teke i bruk i 1958. Her var det m.a. gymnastikksal. IL Jotun har bygt eige treningssenter i Øvre Årdal. I 2003 vart seniorfotballen i IL Jotun og Årdalstangen Il slegen saman og spelar under namnet Årdal Fotballklubb.

Frå ein kamp mellom Årdal FK og Stryn på Jotun stadion. Fotballklubben har same draktfargane som IL Jotun. I bakgrunnen kulubbhuset. Foto: Oddleif Løset, NRK.

Frå ein kamp mellom Årdal FK og Stryn på Jotun stadion. Fotballklubben har same draktfargane som IL Jotun. I bakgrunnen kulubbhuset. Foto: Oddleif Løset, NRK.

Skisenter i Fardalen

Sidan 1974 har IL Jotun drive skisenter i Fardalen i samarbeid med Øvre Årdal bedriftsidrettslag. Tidlegare var også skiskyttarane aktivt med i drifta av anlegget som har skihytte, skitrekk for alpint og over fem kilometer preparerte løyper. I tillegg vert det køyrt opp lange turløyper. Anlegga i Fardalen avløyste m.a. ei tidlegare lysløype på kring to kilometer som var bygd på Holseter.

Jotun-laget som kvalifiserte seg for 1. divisjon i handball i 2004. Framme frå venstre: Stine Kauppi Straumsheim, Vibeke Fusche Moe, Tirill Tønder, Elise Broch Hauge, Beathe Myrdal, Marianne Hestetun og Leonora Kleiven. Bak frå venstre trenar Stig Jøsendal, Cecilie Njøs, Hanne Hestetun, Malene Solheim, Marianne Stedje Øren, Camilla Stenseth, Liv Inger Åberge, Monika Bakketun, Anne Steinheim og hjelpetrenar Alfred Holsæter. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Hydro Quality Games

Hydro Quality Games

Heilt frå Årdalshallen opna i 1974 har handballen stått sterkt i begge idrettslaga i Årdal. ÅTIL hadde eit sterkt herrelag på 1970-talet som spela i tredje divisjon. I 1979 stod idrettslaga i Årdal som arrangør av den første friidrettslandskampen arrangert utanfor Oslo. Lag frå Spania, Sveits og Noreg deltok. Årdalshallen husa frå 1995 dei internasjonale handballtevlingane Hydro Quality Games. Under turneringane vart idrettshallane både i Øvre Årdal og på Årdalstangen nytta. Hydro Quality Games vart nedlagde i 2001 fordi turneringa ikkje fekk så stor TV-dekning at sponsorane var interesserte i å gje støtte.

Jotun opp på høgt nivå

Men arrangementet gav kvinnehandballen i Årdal drahjelp til å utvikle seg. I 2004 kvalifiserte Jotun-damene seg til spel i det nest øvste nivået i handball, 1. divisjon. Det vart nedrykk i 2006, men sidan har laget hevda seg i toppen av 2. divisjon. I 2010 kvalifiserte Jotun seg igjen til spel i 1. divisjon.

Idrettsanlegget i Øvre Årdal med grasbane, kunstgrasbane (den første i Sogn og Fjordane), Årdalshallen og friluftsbadet med 50-metersbasseng. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Idrettsanlegget i Øvre Årdal med grasbane, kunstgrasbane (den første i Sogn og Fjordane), Årdalshallen og friluftsbadet med 50-metersbasseng. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 29.04.2011