Hopp til innhold
X
Innhald

Indre Sogn Sparebank

Avdelingskontoret til Indre Sogn Sparebank i Øvre Årdal. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Avdelingskontoret til Indre Sogn Sparebank i Øvre Årdal. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Indre Sogn Sparebank vart skipa i 1971 då Årdal Sparebank, Lærdal Sparebank på Lærdalsøyri og Borgund Sparebank på Steinklepp slo seg saman.

Hovudkontoret vart lagt til Årdalstangen, med avdelingskontor i Øvre Årdal, Lærdalsøyri og på Steinklepp i Borgund. I 1996 skipa banken avdelingskontor i Sogndal og i 2006 i Bergen. Indre Sogn Sparebank hadde i 2006 40 tilsette og ein forvaltningskapital på 1,8 milliardar kroner.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 28.07.2009