Hopp til innhold
X
Innhald

Indre SognBil AS

IndreSognBil held til i bygget som i si tid vart reist av Årdal Billag. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

IndreSognBil held til i bygget som i si tid vart reist av Årdal Billag. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Indre SognBil AS bilforretning og verkstad i Øvre Årdal var starta i 2001 av Alf Roger Voll Lereng. Firmaet forhandlar Peugeot og Hyundai og starta i 2004 også avdeling på Kaupangerskogen.

I 2007 hadde Indre SognBil AS 13 tilsette og ei omsetning på 55 millionar kroner.

Indre SognBil leigde verkstad og salslokale av Årdal Billag Eigedom AS frå starten i 2001 fram til 2011, då dei kjøpte eigedommen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 08.06.2011