Hopp til innhold
X
Innhald

Industri og næring i Årdal

Frå Å3, ein av elektrolysehallane til Årdal metallverk. Denne hallen er no historie. Dei gamle og forureinande Søderberg-omnane produserte sine siste tonn aluminium i 2007, og hallen vart riven i 2009. Foto: Hydro Aluminium.

Verksemdene er hovudsakleg ordna etter startår:

SAMLESIDER:

*Sagbruk og skogsdrift i Årdal *Reiselivsverksemder i Årdal *Landhandlar i Årdal *Fabrikkar, verkstader og entreprenørar i Årdal

ENKELTOMTALER:

Kremmarar og gjestgjevarar på Årdalstangen

Det var folk frå dei store og rike slektene i indre Sogn som dreiv handel på Årdalstangen på 1600- og 1700-talet. Slektsnamn som Nagel, Døsen, Ørbech, Teiste, Svabo og Lem går att.

Jakob Dahl og Jakob Dahl Askeland

- sjå Kremmarar og gjestgjevarar på Årdalstangen.

Mix Handleriet Årdalstangen

- sjå Kremmarar og gjestgjevarar på Årdalstangen.

A.Hamres Eftf.

- sjå Kremmarar og gjestgjevarar på Årdalstangen.

Vivo daglegvarebutikk

- sjå Kremmarar og gjestgjevarar på Årdalstangen.

Kiwi Årdalstangen

- sjå Kremmarar og gjestgjevarar på Årdalstangen.

Lærdalsmat Sognefjord Gourmet AS

- sjå Kremmarar og gjestgjevarar på Årdalstangen.

Første kremmarane i Øvre Årdal

Årdal Koparverk starta drifta i fjella kring Øvre Årdal i 1702. Verket hadde smeltehytta og administrasjonen på Farnes.

Sjur Andersson Øren

starta landhandel på Farnes i Øvre Årdal i 1865. - sjå Første kremmarane i Øvre Årdal.

Ola S. Ørens Sønner A/S

- sjå Første kremmarane i Øvre Årdal.

Ola S. Ørens Sønner A/S. Butikken vart på folkemunne kalla Sjur-Ola-bui. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Ola S. Ørens Sønner A/S. Butikken vart på folkemunne kalla Sjur-Ola-bui. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Peder Anderson Rønnei

(1674-1739) var den første som etablerte seg som kremmar og gjestgjevar i det nye gruvesamfunnet i Øvre Årdal kring 1710. Sonen Vilken Pederson tok over drifta då faren døydde, men måtte gje seg etter kort tid fordi gruvedrifta vart lagt ned. Det skulle gå 115 år før det kom ny handelsmann i Øvre (sjå Landhandlar i Årdal).

Årdal Sparebank

vart skipa i 1907. Fram til 1927 heldt banken til i eit bustadhus på garden Lægreid.

Indre Sogn Sparebank

- sjå Årdal Sparebank.

A/S Nyset

vart skipa 1910 av fossekjøparen . Selskapet skulle forvalte vassfalla som han i 1906 kjøpte i Nyset-vassdraget i Naddvik (sjå elles under A/S Tyinfaldene.)

Torget i Øvre Årdal med Coop sitt forretningsbygg til høgre. Coop har planar om å byggje nytt varehus på tomta der Årdal Hotell stod (i nedre biletkant). Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Torget i Øvre Årdal med Coop sitt forretningsbygg til høgre. Coop har planar om å byggje nytt varehus på tomta der Årdal Hotell stod (i nedre biletkant). Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Øvre Årdal Samvirkelag

vart skipa i 1928.

Coop Mega Øvre Årdal

- sjå Øvre Årdal Samvirkelag.

Årdalsenteret

- sjå Øvre Årdal Samvirkelag.

Emblemet til Årdal Billag på skysstasjonen i Øvre Årdal. I dag er billaget ein del av Fjord1 Sogn Billag. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Emblemet til Årdal Billag på skysstasjonen i Øvre Årdal. I dag er billaget ein del av Fjord1 Sogn Billag. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Nedre Årdal Samvirkelag

vart skipa i 1932 som ei underavdeling av Øvre Årdal Samvirkelag. I 1938 vart butikken på Tangen sjølvstendig selskap

Coop Prix Årdalstangen

- sjå Nedre Årdal Samvirkelag.

A/S Årdal Billag

vart skipa i 1934 med kommunen som hovudaksjonær. Billaget tok seg av trafikken lokalt i Årdal og rutene over fjellet mot Tyin og Valdres, og hadde også drosjer. Billaget dreiv også verkstad og bygde rutebilstasjon.

Skreddar

Ola Bugge Brække starta skreddarforretning med systove på Årdalstangen i 1941 og hadde fem personar i arbeid.

Reveavl

I Årdal som elles i fylket var reveavl sett på som den gullkanta vekstnæringa i mellomkrigstida. I Årdal bygde bøndene sølvrevgardar, og i 1939 vart det skipa eit aksjelag som skulle drive med platinarev. Dei fleste revefarmar i kommunen vart avvikla då 2. verdskrig braut ut.

Tapping av mjølk på glasflasker på Årdal Meieri i 1959. Foto: Verksposten. Eigar Årdal Sogelag.

Tapping av mjølk på glasflasker på Årdal Meieri i 1959. Foto: Verksposten. Eigar Årdal Sogelag.

L/L Årdal Kraftlag

vart skipa i 1945. Sjå eigen artikkel L/L Årdal Kraftlag under Historia i Årdal.

Olav Olsen Hartveidt

starta røyrleggjarforretning i Øvre Årdal i 1947. Verksemda hadde seks personar i arbeid. Seinare er den overteken av Stein Kåre Øren med Øren Rørservice.

Øren Rørservice

- sjå Olav Olsen Hartveidt.

Årdal Meierilag

vart skipa i 1947 med 250 medlemer frå Årdal, Lærdal og Borgund.

Årdal Sport

på Årdalstangen vart skipa i 1948 av Rolf Bothn og Nils Landmark-Lem. I tillegg til sportsutstyr, handla butikken også med jernvarer og musikkinstrument.

Torleiv Hestetun

skipa i 1948 møbelforretning i Øvre Årdal. Hestetun underviste som sløydlærar i skulane ved sida av arbeidet i forretninga.

På dette biletet ser vi nærast blokkene som vart bygde på slutten av 1950-talet. Til høgre blokkene på Vee som Årdal Boligbyggelag bygde på 1960-talet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

På dette biletet ser vi nærast blokkene som vart bygde på slutten av 1950-talet. Til høgre blokkene på Vee som Årdal Boligbyggelag bygde på 1960-talet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Årdal Boligbyggelag

vart skipa i 1949.

Alfred Buene

og Martin Kvam starta sko- og klesbutikk i Øvre Årdal i 1949.

Cubus

- sjå Alfred Buene.

Årdal Trend

- sjå Alfred Buene.

I dette huset på Årdalstangen heldt Kvams Fargehandel til. Biletet vart teke på 1950-talet, rett før huset vart rive. Til venstre ruvar nybygget til Dahls Hotell, og i bakgrunnen ser vi Årdal Meieri. Foto: Verksposten. Eigar: Årdal Sogelag.

Årdalstangens Vaskeri

vart starta i 1949 av Agnes Hammer og Birgit Johannessen. Dei hadde oppdrag både for industrien i Årdal og for lasteskip som var innom Årdal.

Sandvik Sko AS

vart starta på Årdalstangen i 1949.

Årdal Trelasthandel A/S

vart skipa i 1951. Firmaet hadde eige sagbruk og byggjevareforretning.

Herman Andersen

starta fargehandel på Årdalstangen i 1954.

Byggmakker Andersen

– sjå Herman Andersen.

Leif Grønsberg

frå Vik starta i 1955 møbelforretning på Årdalstangen.

Fjordblomsten

- sjå Leif Grønsberg.

Westervik Sport

vart starta i Øvre Årdal av Ola Westervik midt på 1950-talet.

Frå 2008 har Sportshuset halde til i dette tilbygget til Samfunnshuset. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Frå 2008 har Sportshuset halde til i dette tilbygget til Samfunnshuset. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Sportshuset

– sjå Westervik Sport.

Sisters Point motebutikk

– sjå Westervik Sport.

Årdal Elektriske

– sjå Westervik Sport.

Leikar og Hobby

– sjå Westervik Sport.

Cleopatra parfymeri

– sjå Westervik Sport.

Vee Bensin og Bilrekvisita

vart starta på Vee i Øvre Årdal i 1957 av Olav Vee.

Veekiosken

- sjå Vee Bensin og Bilrekvisita.

Henry Bruflat

frå Høyanger starta klesbutikk i Øvre Årdal i 1961.

Match Årdal Mote

- sjå Henry Bruflat.

C you

- sjå Henry Bruflat.

Hestetun gartneri

i Øvre Årdal vart starta i 1961.

Farnes Kolonial

i Øvre Årdal vart starta i 1966 av Arthur Laberg.

Farnes Storkiosk AS

– sjå Farnes Kolonial.

Årdal Bygg

vart starta på Årdalstangen i 1972 av Knut Sortland.

Årdal Byggservice AS

– sjå Årdal Bygg.

Årdal Apotek

vart skipa i 1972 som filial under Lærdal Apotek.

Sentrum på Årdalstangen sett frå Middagshaugen. Den store gule bygningen er Klingenberg Hotell, til høgre for det Årdal Rør og Sanitær. Øvst i biletet ser vi rådhuset. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Sentrum på Årdalstangen sett frå Middagshaugen. Den store gule bygningen er Klingenberg Hotell, til høgre for det Årdal Rør og Sanitær. Øvst i biletet ser vi rådhuset. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Årdal Rør og Sanitær AS

vart starta i 1979 av Leif Stølen.

Vestlandsbanken

skipa avdeling i Øvre Årdal i 1980 med Kåre Hestetun som banksjef.

Fokus Bank

– sjå Vestlandsbanken.

Fokus Vestlandsbanken

– sjå Vestlandsbanken.

Sparebanken Vest

– sjå Vestlandsbanken.

Meieribygningen på Årdalstangen er bygd om til kontor og husvære. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Meieribygningen på Årdalstangen er bygd om til kontor og husvære. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Årdal Rens og Vask AS

vart starta i 1980 m.a. med kommunen og verket som aksjeeigarar. Etter tre års drift gjekk verksemda konkurs og vart overteken av Arne H. Blomstrand som dreiv vidare under firmanamnet Årdal Rens og Reinhald AS. Verksemda har i 2001 seks årsverk. Ved årsskiftet 2012/2013 vart verksemda lagd ned.

Årdal Rens og Reinhald AS

- sjå Årdal Rens og Vask AS.

Arkitektkontoret Erling Haugen AS

på Årdalstangen vart starta av Erling Haugen i 1992. Firmaet hadde nokre år kontor også i Førde, men i 2012 vart aktiviteten samla på Årdalstangen.

Real Møbler

møbelforretning i Øvre Årdal vart starta i 1994.

Årdal Interiør AS

- sjå Real Møbler.

Huldrebui

strikke- og utstyrsforretning på Årdalstangen vart starta i 1994. Dei siste åra har butikken vorte driven av Anne-Lise Vårdal.

Lærdalsmat Sognefjorden Gourmet

etablerte seg i lokala etter tidlegare A. Hamres Eftf. på Årdalstangen i 1994.

Skrivargarden AS

i Øvre Årdal vart starta i 1995 av Olav Aga frå Hardanger.

Indre Sogn ASVO AS

er ei attførings- og verna verksemd som vart starta på Årdalstangen i 1996.

Sogn Næringshage på Vee-sida i Øvre Årdal i 2011, m.a. med Kiwi-butikk. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Sogn Næringshage på Vee-sida i Øvre Årdal i 2011, m.a. med Kiwi-butikk. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Sogn Næringshage AS

på Ve i Øvre Årdal vart starta i 1999.

Sognefjord Transport og Spedisjon AS

vart skipa i 2001 av Olav Søndrol då han overtok spedisjonsavdelinga som det sveitsiske firmaet Hangartner dreiv i Årdal.

Sogn Kran & Transport AS på Årdalstangen ved riksveg 53 mot Fodnes. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Sogn Kran & Transport AS på Årdalstangen ved riksveg 53 mot Fodnes. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Sogn Kran AS

på Årdalstangen vart starta i 1999 av Øyvind Stentvedt i 2007. Firmaet endra i 2007 namn til Sogn Kran & Transport og bygde nytt ved riksveg 53 på Lægreid.

Sogn Kran & Transport AS

- sjå Sogn Kran AS.

Agnitio AS

er eit datafirma som vart skipa Øvre Årdal i 2001 av Arne Håkon Laberg med fleire.

Blikkhjørnet AS

blekkslagarverkstad på Årdalstangen vart starta i 2002 av Ole Bugge Brekke.

Vinmonopolutsalet i Øvre Årdal. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Vinmonopolutsalet i Øvre Årdal. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Vinmonopolutsal

fekk Årdal i 2002, samstundes med Stryn. Med desse fekk Sogn og Fjordane sju Vinmonopolutsal: Eid, Førde, Sogndal, Florø, Måløy, Årdal, og Stryn. Sandane fekk utsal i 2006.

Bygget AS

byggjevareforretning vart starta i Øvre Årdal i 2003 av Svein Hestetun.

Bygger’n

– sjå Bygget AS.

Sparebanken Sogn og Fjordane si avdeling i Øvre Årdal. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Sparebanken Sogn og Fjordane si avdeling i Øvre Årdal. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Sparebanken Sogn og Fjordane

opna avdelingskontor i Øvre Årdal i 2008. Kontoret utfører både banktenester og skadeforsikringstenester. Les meir om Sparebanken Sogn og Fjordane under Førde kommune.

Sparebank 1 Midt-Norge

starta filial med forsikringstenester i Årdal i 2008. I 2010 vart filialen utvida til og å omfatte banktenester.

Filialen til Sparebank1 Midt-Norge i Øvre Årdal. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Filialen til Sparebank1 Midt-Norge i Øvre Årdal. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Rema 1000

etablerte seg i Årdal i 2011 med butikk i nybygg på Årdalstangen, der Hydro Texaco ei stund hadde bensinstasjon. Butikken var i starten eigd av Rema Eiendom Vest, men i 2014 kjøpte Jan Knut Einarson frå Sogndal den for 16 millionar kroner. Einarson eig frå før Rema 1000 i Sogndal.

Rema 1000 på Årdalstangen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Rema 1000 på Årdalstangen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Expert Årdal

elektroforhandlar i Øvre Årdal vart etablert av Odd Børge Nundal i 2012. Butikken held til i Storevegen 28, der daglegvarebutikken Ths. Vetti Eftf. og seinare Coop Prix heldt til.

Årdal mottakssenter

asylmottak vart etablert i 2013 med i alt 151 asylsøkarar frå 12 land. Det er selskapet Hero som driv mottakssenteret, som er spreidd på fleire hus både i Øvre Årdal og på Årdalstangen. Det er sju tilsette.

Melås AS

flytta i 2014 hovudkontoret sitt frå Leikanger til Årdal.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 27.05.2014