Hopp til innhold
X
Innhald

Industribygginga i Årdal

Flyfoto av Årdal Metallverk og Heirsnosi med Moadalen til venstre. Foto frå arkivet til Hydro Aluminium.

Flyfoto av Årdal Metallverk og Heirsnosi med Moadalen til venstre. Foto frå arkivet til Hydro Aluminium.

Industrisamfunnet Årdal vart symbolet på det moderne Noreg etter krigen. Statsverksemda ÅSV, kommunen og fagforeiningane samarbeidde om å byggje industribyen.

HISTORIA OM INDUSTRIEN:

Dei store fossekjøpa i Årdal

Dei første kjøp av fossar og industrigrunn i Årdal vart gjorde i 1898. Då kom Bergens-ingeniøren Nils Henrik Bruun til Ve-gardane i Øvre Årdal og ville kjøpe fallrettane til den mektige Tya, som kasta seg frå 1000 meters høgde ned dalsida frå innsjøen Tyin.

Kraftutbygginga omsider i gang

Anleggsarbeidet starta i 1910 med eit par hundre mann og heldt på heilt til 1938, på det meste var 283 mann i arbeid, siste året berre åtte.

Tyskarane satsar på Årdal

Det hadde ikkje gått mange dagane etter invasjonen 9. april 1940 før Luftwaffesjef Hermann Göring sende direktøren for Junker-fabrikken til Noreg for å sikre norsk aluminium til den tyske flyfabrikken.

Øvre Årdal i juni 1942. Husmannsplassen under Vee gard har fått ein ny granne. Dei første hallane er i ferd med å bli reiste. Foto: Nordag. © Hydro Aluminium.

Øvre Årdal i juni 1942. Husmannsplassen under Vee gard har fått ein ny granne. Dei første hallane er i ferd med å bli reiste. Foto: Nordag. © Hydro Aluminium.

Høgt spel om Årdal

Direktoratet for fiendtleg eigedom overtok alle anlegga etter den tyske kapitulasjonen i 1945. Dermed var Staten eigar i Årdal. Men kva skulle ein bruke dei halvferdige anlegga til?

Produktet frå Årdal verk, på den tida vart alumniumen støypt i 30-kilosbarrar. Foto: Verksposten. © Årdal Sogelag.

Produktet frå Årdal verk, på den tida vart alumniumen støypt i 30-kilosbarrar. Foto: Verksposten. © Årdal Sogelag.

Årdal Verk vart skipa

Den 8. juli 1946 sat heile Indre Sogn i andelaus spenning kring radioapparata og venta på utfallet i Stortinget.

Dei første åra måtte kvinnene nøye seg med kontor- og vaskearbeid på verket. Her er bøtteballetten på Årdalstangen i 1949. Foto: Verksposten. Eigar: Årdal Sogelag.

Dei første åra måtte kvinnene nøye seg med kontor- og vaskearbeid på verket. Her er bøtteballetten på Årdalstangen i 1949. Foto: Verksposten. Eigar: Årdal Sogelag.

Autoritære leiarar med fagforeiningshjelp

Den statseigde bedrifta vart på ingen måte driven etter sosialdemokratiske prinsipp dei første åra.

Brislingfiskarane må av og til inn i dei inste fjordarmane for å få fangst. Her ligg brislingbåtar til kai på Årdalstangen på 1950-talet. Foto: Verksposten. © Årdal Sogelag.

Brislingfiskarane må av og til inn i dei inste fjordarmane for å få fangst. Her ligg brislingbåtar til kai på Årdalstangen på 1950-talet. Foto: Verksposten. © Årdal Sogelag.

Årdal og Sunndal Verk (ÅSV)

Med Sunndalsøra som søsterbedrift, vart Årdal Verk til Årdal og Sunndal Verk - ÅSV - i 1951, og ÅSV heitte aluminiumkonsernet heilt fram til 1986.

Nye kostar - nytt klima

Aage W. Owe vart avløyst av Jean Michelet som generaldirektør i 1965, og med han vart Owe-sentralismen avløyst av ein epoke med delegering og lagånd.

Arbeidarmessa like ved verksposten i Øvre Årdal. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Arbeidarmessa like ved verksposten i Øvre Årdal. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Fluorkatastrofen

Mangel på reinseanlegg gjorde at mykje av barskogen i Årdal vart sterkt skadd av flourutslepp då aluminiumverket vart sett i drift etter 2. verdskrig.

Kveldsstemning på verkskaia i 1952, med lasteskipet ”Normandiet” ved kai. Foto: Verksposten. Eigar: Årdal Sogelag.

Kveldsstemning på verkskaia i 1952, med lasteskipet ”Normandiet” ved kai. Foto: Verksposten. Eigar: Årdal Sogelag.

Fortun-krafta til Årdal

Aluminium vart til pengar, produksjonen vart auka, og det var trong for meir kraft. I 1959 kom kraft frå Fortun i grannekommunen Luster til hjelp.

Kraft frå Vikfalli og Årøy

Midt på 1960-talet starta Sognekraft og Statskraftverka utbyggjing på Vikafjellet.

Badtømminmg i Å3. Dei gamle Søderberg-omnane er no historie, og hallen er riven. Foto frå arkivet til Hydro Aluminium.

Badtømminmg i Å3. Dei gamle Søderberg-omnane er no historie, og hallen er riven. Foto frå arkivet til Hydro Aluminium.

Gullalderen kring 1970

Tida kring 1970 kan på mange vis karakteriserast som «gullalderen» for aluminiumverket og det einsidige industrisamfunnet det hadde skapt kring seg.

Alcan-tida

I 1967 vart ein stor del av norsk aluminiumindustri selt ut av landet. Då overtok det canadiske aluminiumkonsernet Alcan halvparten av aksjane i Årdal og Sunndal Verk (ÅSV).

Slik såg det ut inne i Å3 med Søderberg-omnar. Det gir eit inntrykk av dimensjonane på hallane. Søderberg-omnane vart tekne ut av produksjon i 2008, og Å3 vart riven i 2009. Foto frå arkivet til Hydro Aluminium.

Spelet kring Nyset-Steiggje-vassdraga

Då ÅSV på 1980-talet fekk byggje ut Nyset-Steiggjevassdraga i Årdal, spela konsernet medvite på den lokale velviljen til kraftutbygging som skulle sikre lokale arbeidsplassar.

Hydro tilbake i Årdal

Etter hemmelege forhandlingar leia av Høgres industriminister Jan P. Syse, vart ÅSV slege saman med Norsk Hydro i 1986. Namnet Årdal og Sunndal Verk var historie.

På dette biletet er to Hydro-epokar i Årdal representerte. Til venstre ser vi ein av bygningane som vart reiste under kraftutbygginga rundt 1920. På verksportbygningen har Hydro-logoen hengt sidan 1986. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Hydro og Hydro Aluminium

Hydro er eit verdsomspennande konsern som er mellom verdas største innan aluminiumsproduksjon. Den norske Staten er hovudeigar i selskapet.

Hydro Energi

Etter fusjonen mellom Årdal og Sunndal Verk (ÅSV) og Hydro i 1986, vart all kraftproduksjon i konsernet samla i eit eige selskap - Hydro Energi.

Oppmåling i Koldedalen  25. september 1956, før kraftutbygginga i Morka-Koldedalen. Vi ser Falketind til venstre. Foto frå arkivet til Hydro Aluminium.

Oppmåling i Koldedalen 25. september 1956, før kraftutbygginga i Morka-Koldedalen. Vi ser Falketind til venstre. Foto frå arkivet til Hydro Aluminium.

Årdalstangen. Foto: Bjørn Bergum. © Hydro Aluminium.

Årdalstangen. Foto: Bjørn Bergum. © Hydro Aluminium.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 02.05.2011