Hopp til innhold
Ingrid Bjørkum. Foto henta frå Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Ingrid Bjørkum. Foto henta frå Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
X
Innhald

Ingrid Bjørkum

Ingrid Bjørkum er fødd 19. februar 1957 i Drøbak, men vaks opp i Naddvik i Sogn. Ho tok eksamen ved Årdal gymnasklassar i 1975. Skuleåret 1975–76 gjekk ho på Mo jordbruksskule, og i 1980 tok ho eksamen i naturforvaltning/ressursøkonomi ved Noregs landbrukshøgskole.

Frå 1980 til 1982 var Bjørkum tilsett ved plan- og utbyggingsavdelinga i Akershus fylkeskommune. Frå 1982 har ho hatt ulike leiarstillingar i Sogn og Fjordane – i fylkeskommunen i to periodar, i 1982–84 og 1987–91, ved Fylkesarbeidskontoret i 1984–87, ved Fylkestrygdekontoret i 1991–95 og hos Fylkesmannen frå 1995 til 2007. Frå 2008 har ho vore tilsett i Direktoratet for forvaltning og IKT, no Digitaliseringsdirektoratet.

Bjørkum debuterte som forfattar i 1993, med ungdomsromanen Mias dagbok. Dagbokblad frå 70-talet. Gjennom dagboka vert vi kjende med Mia sine tankar, draumar og kjensler i løpet av det siste halvtanna året på vidaregåande skule.

Bjørkum har skrive to radiohøyrespel for NRK: Mia og Mari (1995) og Jonas og jakta på T. Rex (1996). I det første høyrespelet møter vi to søstrer, 6 og 8 år gamle, i leik og arbeid på ein gard. Mia er den same jenta som vi møtte i dagboksromanen, men no ti år yngre. I det andre stykket er det ein seks år gamal gut som er hovudpersonen.

Felles for desse tre tekstane er at dei handlar om relasjonar, både gode og utfordrande, slik barn og ungdom kan oppleve kvardagane sine.

Bjørkum har hatt tekstar i fleire litterære antologiar utgitt av Sogn og Fjordane skrivelag, både noveller og dikt. I dette angår også deg!, som Trygdeetaten gav ut i 1995, har ho med tre noveller som illustrerer situasjonar som utløyser både rettar og stønadsordningar.

 

Kjelder

E‑post frå Ingrid Bjørkum 17.1.2020

 

Peikarar

Ingrid Bjørkum: Mias dagbok. Oslo 1993. Tilgjengeleg i Bokhylla, nb.no

Ingrid Bjørkum, forfattarside på nettstaden Forfattarar frå Sogn og Fjordane, forfattarar.sfj.no


Sist oppdatert: 19.10.2020