Hopp til innhold
X
Innhald

Ivar Sterri

Ivar Sterri.

Ivar Sterri.

Ivar Sterri (1889-1972) frå Hafslo, busett i Øvre Årdal. Industriarbeidar og politikar, busett i Øvre Årdal.
Sterri var med og skipa Indre Sogns Arbeidarparti i 1918. Han vart ved partisplittinga i 1923 første formannen i Øvre Årdal kommunistlag, som i 1924 hadde 33 medlemer.

Sterri gjekk seinare tilbake til Arbeidarpartiet og vart ordførar i Årdal den første etterkrigstida fram til 1955, då han vart avløyst av Asbjørn Søfting.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 12.04.2011