Hopp til innhold
X
Innhald

Jahn O. Kornbrekke

Jahn Kornbrekke (1919-1944) frå Evje. Politikonstabel. Kornbrekke arbeidde som politikonstabel i Øvre Årdal då han vart arrestert 16.08.1943 i den store arrestasjonsbylgja som råka 470 norske politifolk.

Han vart overført til Bergen, deretter overført Grini 21.011.1943. I desember same året vart Kornbrekke overført til kz-leiren Stutthof der han døydde i fangenskap 14.5.1944.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 12.04.2011