Hopp til innhold
X
Innhald

Jan Øhlckers

Jan Øhlckers fødd 1946 i Oslo, busett i Øvre Årdal. Siviløkonom og fylkesrådmann. Siviløkonom frå NHH 1969. Etterutdanning i offentleg administrasjon frå NTH 1979, AFF sitt leiarkurs på Solstrand 1996-1997.

Øhlckers har vore dagleg leiar for Høgfjellskolen Norsk Alpinsenter i Hemsedal 1971-1972, kontorsjef ved Beitostølen Helsesportsenter 1972-1976, direktør for studentsamskipnaden i Rogaland 1976–1982, rådmann i Årdal kommune 1982–1988 og 1991–2000. Han hadde permisjon frå stillinga 1988–1991 for å arbeide som rådgjevar for finans- og kommunaldepartementet i Botswana.

Øhlckers har vore prosjektleiar for ulike prosjekt innan IKT og forvaltning for fylkesmannen og fylkeskommunen i Sogn og Fjordane i åra 2000-2002. Spesialrådgjevar for strategi og utvikling i Sogn og Fjordane fylkeskommune 2002–2006.

Fylkesrådmann i Sogn og Fjordane frå 2006 til 2012. Øhlckers var medlem av bystyret i Stavanger 1980–1982, og har hatt fleire leiarverv og styreverv, m.a. i studentlag, fjellførar- og friluftsorganisasjonar, bank, KS, forsking og IKT.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 17.06.2015