Hopp til innhold
X
Innhald

Jens Worm

Jens Worm d. 1743. Styrar og inspektør for Årdal Koparverk 1720-1731.

Kom til Årdal som materialforvaltar då den dansk-norske kongen kjøpte gruvene i 1708. Vart rekna som den stødige og moderate i leiinga då oberstløytnant Johannes von Schört var direktør frå 1711 til 1720. Verket gjekk dårleg, og engelske eigarar overtok. Worm måtte slutte og flytta over i ny stilling som assessor i Trondheim Bergamt.

Dottera Kristine Worm vart gift med den mektige Svanøy-futen Hans Thiis Nagel, og slektsnamnet på Svanøy var etter dette «Worm Nagel».

Sjå også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 05.03.2008