Hopp til innhold
X
Innhald

Jo Ragnar Sønstlien

Jo Ragnar Sønstlien, fødd i 1944 i Vågå, busett i Øvre Årdal. Arbeidarparti-politikar.

Jo Ragnar Sønstlien, fødd i 1944 i Vågå, busett i Øvre Årdal. Arbeidarparti-politikar.

Han var fylkesleiar i Arbeidarpartiet og ordførar i Årdal 1984-1995.

Sønstlien stod sentralt i arbeidet med finansiering og bygging av vegsambanda til Lærdal og Sogndal med Fodnestunnelen og Mannheller-sambandet. Ein del av sambanda er finansierte av bompengar kravde inn på ferja Manheller-Fodnes, og Sønstlien er styreleiar i bompengeselskapet.

Sønstlien har vore tilsett i Årdal Prosjektutvikling, og er dagleg leiar i Årdal Boligbyggelag.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 12.04.2011