Hopp til innhold
X
Innhald

Kappløpet om Tya-falla

Tyin er eit stort vatn, og kraftressursane i vatnet freista. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Tyin er eit stort vatn, og kraftressursane i vatnet freista. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Dei første kjøp av fossar og industrigrunn i Årdal vart gjorde i 1898. Då kom Bergens-ingeniøren Nils Henrik Bruun til Ve-gardane i Øvre Årdal og ville kjøpe fallrettane til den mektige Tya, som kasta seg frå 1000 meters høgde ned dalsida frå innsjøen Tyin.

Bruun var ein typisk «fossespekulant» for denne tida. Han fekk Ole Ørbech Vee på gli med å antyde at han ville bruke fossekrafta til fabrikk. Vee var villig til å selje både vassfall og tomtegrunn, men heldt unna fiskerett og rett til tømmerfløyting i elva.

Fallretten let han gå for 2000 kroner i kontantar og ei årleg avgift på 50 kroner, pluss 600 kroner for fabrikkgrunn. Men då Bruun steig over elva og ville kjøpe den andre halvparten av Tya for 1600 kroner, sa grunneigaren Erik Olsen Moen nei. Han ville ha det same som Vee hadde fått for sin halvpart.

Moen trudde at han og Vee stod side om side i denne saka, men då Vee i dølgsmål likevel selde til Bruun, vart Moen arg og baud no sin part til sals til ein tidlegare sambygding, Henrik Spangelo. Spangelo var oppvaksen i Årdal som lensmannsson, men dreiv no som advokat i Grimstad. Henrik Spangelo slo til, og kjøpte andre halvparten av Tya-fallet frå Erik Moen for 2000 kroner. Også han pynta kontrakten med lovnader om fabrikkar på tomtegrunnen som fylgde med kjøpet.

Les også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 15.04.2011